Investorgruppa, som alle har tilknyting til Selje-området, har stifta selskapet Selje Hotell Invest AS, skriv dei i ei pressemelding onsdag morgon.

- Selskapet har inngått avtale om å overta festeretten til hotelltomta i Selje sentrum med tanke på å gjøre eit forsøk på å får gjenreist eit framtidsretta og drivverdig hotell på tomta, heiter det i pressemeldinga.

I mai stadfesta bustyrar Thore Heggen overfor avisa Fjordenes Tidende at ei lokal investorgruppe ville kjøpe branntomta. Det er nå klart at investorgruppa består av følgjande seks bedrifter: Nordfjord AS, ORV HOLDING AS, Norhus Ørsta AS, Selje Bolig Utvikling AS, Bjarne Krakereid Invest AS og Stadhav AS.

Fjordenes Tidende skriv onsdag at nokre av dei lokale investorane som står bak selskapa som satsar er mellom andre Lien-familien, med Anders Lien i spissen og Bjarne Krakereid frå Selje. Med seg har dei også fått Olav Refvik, opphavleg frå Vågsøy.

Ser potensial i framtidsretta hotell

Selje Hotel vart påtend i november 2016, og berre oppryddinga på tomta vil kome på om lag fire millionar kroner. Ei anna investorgruppe som trekte seg, rekna ut at eit nytt hotell ville koste 140 millionar kroner.

I pressemeldinga skriv investorane at dei ser «eit potensial i at det blir bygga eit framtidsretta hotell i Selje, både for samfunnsutviklinga, men også for ytre Nordfjord som reiselivsdestinasjon.» Dei meiner det skjer mykje spanande i distriktet framover, som igjen speler inn på utviklingspotensialet for hotellet.

- Første steg er no tatt, eit viktig steg for å få nødvendig framdrift for den vidare prosessen, skriv dei i meldinga.

Vil ikkje kommentere saka ytterlegare

Investorgruppa vil førebels ikkje kome med fleire kommentarar til media.

- Vi kjem ut med meir informasjon når vi er kome nokre steg vidare i prosessen, seier Therese Lien Smenes, som er dagleg leiar for Selje Hotell Invest AS.

Investorane ber i pressemeldinga om forståing for at dei ønskjer mest muleg arbeidsro i tida framover. Dei har samstundes stor respekt og forståing for at hotellet engasjerer lokalsamfunnet.