No har Staten stemna dei for retten, med krav om å betale 9,2 millionar – pluss renter. Saka kjem opp i oktober.

Det var 1. juledag 2011 at trålaren havarerte i orkanen «Dagmar». I 2014 vart 80 tonn diesel og fem tonn smørjeolje fjerna frå vraket, på oppdrag frå Kystverket – som også tok rekninga.

Allereie i 2012 skreiv reiarlaget i eit brev til norske styresmakter at dei ikkje hadde noko ansvar for havariet, at dei ikkje lenger hadde interesse for vraket, og at dei ikkje hadde råd til å fjerne det.

Vraket vart i fjor haust flytta lenger ut i fjorden, slik at det ikkje skulle vere til hinder for skipsfarten i Hundeidvik.