– Brann og politi rykker ut til Furene industriområde etter melding om bilbrann. Ingen personar i bilen, var den første meldinga frå Møre og Romsdal politidistrikt på Twitter onsdag kveld.

Politiet stadfestar like etter at det handlar om to bilar som står i brann.

– Det er korrekt at det har vore brann i to bilar. Brannvesenet er no i gang med sløkking, seier operasjonsleiar i politiet Erik Steen Mikalsen, til Sunnmørsposten klokka 23.17 onsdag kveld.

Det skal ikkje vere fare for brann i nærliggande bygningar, som er industribygg.

Lokalt brannvesen melder klokka 23.24 at brannen er sløkt og at kjøling pågår, ifølge Møre og Romsdal 110-sentral.

Torsdag morgon seier operasjonsleiar Erik Mikalsen at brannen starta i ein bil som sto parkert på staden.

- Truleg er det noko teknisk som er årsak til brannen, vi har ikkje indikasjonar på nokon annan brannårsak, seier han.