Anda, som har fått namnet Store Kvakk, sleit seg nemleg frå fortøyingane, fortel hellesylt.info.

Sjølv om ho var surra fast til land med fleire bardunar, reiv ho seg laus i vinden, velta seg over moloen ved Grand Hotel og la i veg ut fjorden, melder nettstaden.

Ho rakk å kome seg nesten heilt ut til Ljøen før folk i ein båt klarte å ta igjen anda.

Dermed fekk ein slept Store Kvakk tilbake på badestranda på Hellesylt, der ho no ligg i arrest inntil vidare.

No skal anda passast ekstra godt på, heilt til ho skal i aksjon under det store andesleppet søndag 8. juli.

Hellesyltdagane går frå 6. til 8. juli.