Observante reisande har kanskje sett nokre gule bøyer som ligg rundt i Breisundet.

– Det er investert 140 millionar kroner i utstyr og instrumentert dette området, fortalde Nils Roar Hareide frå Runde miljøsenter under Fosnavågkonferansen torsdag.

Interessant for skipsindustri

Hareide presentere Møre Ocean Lab saman med Hans Petter Hildre frå NTNU Ålesund og Leif Vartdal frå Rolls-Royce.

Breisundet er blitt eit stort laboratorium, der ein no hentar ut viktig informasjon.

– Breisundet er eitt av mest dei mest interessante havområda med tanke på naturressursar. I tillegg har vi ein viktig maritim industri i området, sa Hareide.

Hittil er det lagt ut seks gule bøyer – Statens vegvesen fem bøyer og Kystverket ei bøye. Dei måler data heile tida. Og her vil forskarane kunne hente ut informasjon om blant anna bølgjer, straumar og vindprofil, noko som vil vere interessant blant anna for utvikling innan skipsindustrien.

Prosjektet begynte med ei utarbeiding av marine grunnkart, noko som ifølgje Hareide er blitt ein suksess. Statens vegvesen fekk tilgang til desse data i samband med planlegging av Hafast, og no får andre bruke vegvesenet sine målingar.

Effekt av NTNU i Ålesund

Professor Hans Petter Hildre ved NTNU i Ålesund fortalde at ein i 14 år har jobba med Ocean Space Center. Og no er dei verkelege operasjonane begynt å kome, med tre fjordlaboratorium, det eine i Breisundet.

– 80 millionar kroner legg trønderane ned her. Og denne satsinga kjem fordi NTNU er i Ålesund, sa Hildre.

Fullskala testlaboratorium er viktig, og kven som helst, over heile verda, vil kunne logge seg på og studere data frå bøyene i det virtuelle havrommet.

– Vi vil gjere alle data opne og invitere forskarar rundt om i verda til utvikling og forsking, sa Hildre.

Ein vil måtte finne ut korleis ein skal visualisere straumen av tal og figurar som flagrar inn, men Hildre er overtydd om at dette blir ein arena for å skape mykje ny næring.

Forbetre skrog

Bøyene ligg både inne i fjorden og ute i øygarden. Her måler dei blant anna vindfart og vindretning, straum, vindprofil, bølgeperiode, bølgjehøgde og bølgjeretning.

– Det som er unikt med dette området og interessant for oss i skipsindustrien, er at vi får måle moderate forhold inne i fjorden og den ytste bøya måler korleis det er med meir ruskete vêr. På den måten lærer vi meir om utstyr, skrog og skipsdynamikk, sa Leif Vartdal.

Dei store datamengdene kan til dømes brukast til å forbetre skroga på båtane.

Rolls-Royce vil også nytte båten «Kvitebjørn» i prosjektet. Det er eit unikt instrumentert fartøy som skal gå inn i Breisundet, forbi bøyene.

Heie på miljøet

Fosnavågkonferansen sette fokus på nye moglegheiter i havrommet. Fjord1-sjef Dagfinn Neteland snakka om elektrifisering av ferje-Norge og korleis Fjord1 tenkjer.

– Vi heiv oss på, utan at vi viste kva vi heiv oss på. Teknologien er ikkje utvikla, men dette skal vi vere med på. Og det er kjempespennande, sa ein entusiastisk Neteland.

Han er fortørna over at sveler i plast var det som fekk fokus då verdas første heilelektriske ferjesamband, Anda-Lote, starta opp. Han beklaga også at det er blitt strid om ladestasjonane for el-ferjer på Hareid.

– Eg trudde dei ville heie på miljøet, sa Neteland.

Om lag 40 prosent av Fjord1 sin ferjeflåte skal vere elektrisk, og dei har ikkje tenkt å gi seg.

– Vi er inne i mange anbod. Og dei skal vi vinne, sa Neteland og la til at det blir dyrt.

Fjord1 har bestilt 24 elektriske ferjer. Fire er levert så langt og resten skal leverast i løpet av 18 månader.

– Fjord1 blir målt på miljø kvar dag, og vi vil legge igjen minst mogleg fotavtrykk, sa administrerande direktør Dagfinn Neteland då han var i Fosnavåg torsdag. Foto: Anne-Mari Tomasgard