Sve er formann i elveeigarlaget i på Stranda, og dette er hans største fangst i elva nokon gong.

Laksen vart teken i «laksehølen» i sone 1 nedst i Strandaelva, ifølge Frank Sve.

- Strandaelva har mykje fin laks i år også, og elva er kjent som «ei storlaks elv», men fisk av denne størrelsen er sjeldan å sjå, seier han

Ifølgje han har det tidlegare berre blitt teken to fiskar i elva på over 19 kilo.

- Kvart år vert det registrert fisk på godt over 20 kilo i elva, og i stamfisk for ein del år tilbake vart ein laks tatt på godt over 20 kilo, seier Sve.