Det skriv Tussa i ei pressemelding torsdag.

- Prisen er konfidensiell, men kjøpar og seljar har blitt samde om ein akseptabel pris for begge partar, seier konsernsjef i Tussa, Elling Dybdal.

Tussa blir største eigar i selskapet. Dei resterande eigardelane i Istad er eigd av Molde kommune (34 prosent) og Moldekraft AS (17 prosent).

Tussa Kraft sitt kjøp av aksjeposten er motivert av det langsiktige ønsket om å utvikle ein solid energiverkstruktur i Møre og Romsdal, skriv dei i pressemeldinga.

Aksjeoverdraginga kan først gjennomførast etter at naudsynte godkjenningar ligg føre frå styresmaktene og aktuelle styre.

Konsernsjef Elling Dybdal i Tussa.