Frå i år får dei bortimot ein million kroner i året til å halde kulturlandskapet i hevd.

I fjor fekk Alnes status som «Utvalt kulturlandskap i jordbruket», som det første på Sunnmøre. No er også Norangsdalen med, med sine unike naturverdiar.

Turistdal

Norangsdalen har dratt turistar sidan 1800-talet. Frå Urkebygda ved Hjørundfjorden slyngar det særprega dalføret seg opp til eit stølsområde.

I dalen finn vi tradisjonsrike miljø med særleg biologisk og kulturhistorisk verdi, i mosaikk med moderne produksjonsareal, heiter det i grunngjevinga.

– Her har folk i generasjonar halde landskapet i særleg god hevd. Dette er også eit område og landskap som turistane den dag i dag får opp augo for, seier landbruksminister Jon Georg Dale (Frp) til Sunnmørsposten. Det er ikkje ministeren sjølv som har valt ut Norangsdalen, men han seier at han forstår veldig godt grunngjevinga.

Fare for at det gror igjen

– Området kan gro igjen dersom det ikkje går dyr på beite. Eg er glad dei får anerkjenning. Og eg håper dei kan halde oppe trykket for å halde landskapet i hevd og ta vare på dei unike naturverdiane, seier Dale, som sjølv kjem frå Sunnmøre.

Så legg han til: – Eg liker å profilere Geiranger, men personleg meiner eg at Hjørundfjorden og Norangsdalen er heilt på høgde, seier Dale.

– Så stas

– Så stas, er det første hotelldirektør Mariann Øye-Mork seier når ho får nyheita.

– Det er ikkje mykje som kan måle seg med Norangsdalen. Så dette synest vi er flott. Det er enormt viktig å kjempe mot attgroinga som skjer no. Turismen aukar mykje, seier ho.

Ei av eldsjelene i Hjørundfjorden er Synnøve Rekkedal Hill. Sidan 1996 har ho vore i bresjen for Hjørundfjord kulturvernlag.

– For halvanna år sidan tok fylkesmannen kontakt med meg og ville ha foto frå kulturlandskap i Hjørundfjorden og området rundt. Deretter kom dei for å få omvising, fortel ho. Det enda lukkeleg med status som utvalt kulturlandskap.

Regjeringa har planar om berre fem nye slike område. Dermed kan det tenkast at Sunnmøre ikkje får fleire.

På jakt etter kandidatar tok fylkesmannen kontakt med Synnøve Rekkedal Hill i Hjørundfjord kulturvernlag. Arkivfoto: Knut Arne Aarset Foto: Knut Arne Aarset
Sauer bidrar til å halde kulturlandskapet i hevd i Norangsdalen. No blir det også aktuelt med manuell rydding av vegetasjon, i tillegg til styrt beiting med storfe, sau og geit. Arkivfoto: June R. Johansen Foto: June R. Johansen