Slinningsbålet var fredag ettermiddag ikkje ferdig bygd, men bålgjengen er i rute.

– Vi bikka 27 meter torsdag, og bålet skal bil 33 meter i løpet av natta, fortel bålsjef Vetle Lande til Sunnmørsposten fredag ettermiddag.

Se bygginga av Slinningsbålet direkte her

Skal bli finare bål

50 personar vil etter planen vere med og bygge bålet ferdig fredag kveld og utover natta.

Det velkjende bålet i Ålesund fekk i 2016 verdsrekord, med eit 47,4 meter høgt bål, men i år er målet å bygge eit endå finare bål enn før.

– Vi har ikkje noko mål om rekordbål, men vi tenker at det skal bli eit finare bål i år, seier Lande.

Bålet blir tent klokka 21.00 laurdag kveld, og Sunnmørsposten vil då sende direkte frå Slinningsodden.

Slinningsbålet 2016: - Håper du ikke har høydeskrekk

Varslar overrasking

Om lag ein halv time etter at bålet er tent, varslar Lande ei overrasking. Den som vil vite kva dette er, må følgje med laurdag kveld. Dette er altså noko som er nytt i år.

Mange timar er lagt ned for å bygge bålet. Lande har sjølv vore med i to månader, seks-sju timar om dagen.

– Det er eit fantastisk samhald, god stemning og koseleg å vere med, seier Lande.