Dei fleste fargenamn går på berggrunnen, men mange går også på plantelivet.

Stadnamn

Dei fleste stadnamna kan plasserast i dei to hovudgruppene naturnamn og kulturnamn.

Naturnamn er namn på naturlokalitetar, medan kulturnamn går på menneskeskapte lokalitetar.

Naturnamn omfattar fjell, høgder, dalar, vatn, elvar, fjordar, skjer, holmar, bakkar, osv. så langt det er tenleg å dele opp naturen. Stadnamna har òg hatt til funksjon å skilje ein plass frå ein annan, og utsjånaden var viktig.

Stadnamna var som merkelappar i terrenget, og dei var oftast svært råkande. Dei fortalde noko om staden. I denne artikkelen er eit utval av nokre fargenamn på stadar på Sunnmøre.

Brun

I Ålesund har vi Brunholmen.

Brunholmen tyder ikkje «ein brun holme», men er kalla opp etter Henrik Brun ifrå Danmark som dreiv handel der.

Ordet brun førekjem i stadnamn og betyr «kant» eller «brann/brend stad».

Stadnamna Brungot og Brune viser til kantar. Sjølv om eit stadnamn inneheld ordet brun, er det heller sjeldan at det vert knytt til fargen brun.

På Straumshamn i Volda har vi Brundalen og Brundalsvatnet. Det vert hevda at når ein ser Brundalsvatnet ovanfrå, kan vatnet stundom sjå brunt ut, sjølv om det er reint. Kanskje Brundalsvatnet til tider ser brunt ut på grunn av skuggar frå fjellet?

Grå

I Stranda kommune finn vi Gråfjellet.

Namnet botnar i at fjellet er grått på lét.

Dei fleste fjell har ein slags gråfarge i seg, og derfor er det kanskje litt rart at ikkje fleire fjell har utmerkingsleddet grå i seg.

På Hareid finn ein Gråmyra, som kan ha namnet sitt etter planta gråvier. Gråmyra kan også ha sitt namn etter det skrinne jordsmonnet i myra.

Gull

Fargen gull er eit ofte eit rosande namn. Gull er noko verdfullt. Ofte kan gull-namn ha opphav i segner om skattar.

Ved Tjørvåg ligg holmen Gullura. Ei segn seier at ein rik mann miste gullklokka si her.

Håkonsholmen i Ulstein vart på 1700-talet kalla Gullsmedholmen etter handelsmann Johan Dischington Berle, som også var utdanna gullsmed.

Gul

Vi finn mange stadnamn på Sunnmøre med fargen gul.

På Hessa finn vi Gulhaugane og Gulhaugsvika, sikkert på grunn av skorpelav.

Johan Krogsæter seier at Gulholmen på Sula har namn etter gul bergmose.

I Ulstein har vi også Guleskjeret. Der veks gul mose på skjeret.

I Ivar Aasen si ordbok er det noko som heiter gulmode. I boka «Skjergardsnamn frå Sunnmøre» lurer forfattaren Arnfred Slyngstad på om gulmode kan vere gul bergknapp.

På Blindheim finn vi Gulmyra etter gule bekkeblomar som veks der. Namnegranskar Thomas Vinje fortel at namnet Gullmordalen i Sykkylven kjem av planta gulmaure, som veks i dalen.

Grøn

Namn på «grøn» er ofte eit rosande namn. Det grøne fortel om grøderike område.

Grønetinden i Molladalen botnar nok i at det veks grønt gras og grøn mose etter måten langt oppetter sida på dette fjellet, særleg når ein samanliknar med fjella i kring, som er heilt snaue.

Grøndalen i Ulstein er ei utmark der både hestar, kyr og sau kan beite i friskt gras.

Kvit

Kvit syner til fjell med lys farge. Kvitegga er det høgste fjellet i Ørsta kommune (1.693 moh. ved toppvarden og ca. 1.717 moh. på toppen av breen).

Kvit går på lys farge i fjellslaget eller på snøbrear.

Kvitneset på Hareid kan ha med sjøsprøyt å gjere eller at berget er kvitt.

Svart

På Vestlandet er det vanleg at adjektivet «svart» vert kjønnsbøygt i stadnamn, nett som på norrønt: Svartevatn, Svartholmen, men Svortetjørn og Svortevika.

I enkelte tilfelle kan v’en falle bort slik at namnet vert uttala Sorte-, som ikkje har noko med bokmålsforma «sort» å gjere. Ordet svart kan bety mørk.

Svartemyra fortel noko om fargen på jordsmonnet. Svartevatn er eit vatn som ser mørkt ut.

Når det gjeld Sorte-namna kan du finne ei rekkje døme i Norsk Ordbok under orda «surte» og «svorte». Somme dialektar har «sorte». Aasen har «svorte».

Verbet tyder «gjere svart». Om substantivet: «fargestoff som blir nytta til å sverte noko», «myrjord» (som blir nytta til fargeemne).

Raud

Det har vorte hevda at stadnamn med raud- har samanheng med olivinforekomstar. Raudeneset ved Maude i Hjørundfjorden og Raudfonntindane i Ørsta har slike førekomstar. Det vert hevda at det går eit olivinbelte frå Sunnmøre til Gudbrandsdalen. I Ørstafjorden ligg Raudøya og Raudøyholmen. Ei segn fortel at Raudøya i si tid vart plaga med sjørøveri, og ein gong stod øya i full fyr med raude flammar. På Raudøya finn ein eklogitt, som inneheld raud granat. Namneforskar Oluf Rygh skriv at Raudøya har namn etter ein raudaktig bergart. I Grimstadvatnet på Hareid ligg ein badeplass som vert kalla Raudesanden. Det har vorte hevda at raudfargen på sanden kjem frå jernmalm i myra som sig ut i vatnet, medan andre tvilar på den tolkinga. Det gamle ordet for myrmalm er raudi. I skjergarden på Sunnmøre finn vi Rauden. Vi har både Alnesrauden og Flørauden. Grunnlaget for desse namna er ordet raun, som tyder naken fjellgrunn. På Bjørke har vi ein gard i eit klyngetun som heiter Raustad, som truleg er frå vikingtida. Garden er grunnlagd av ein mann som heitte Raudr.

Blå

På Sunnmøre har vi fleire fjell som byrjar på «blå». På Stranda har vi Fremste Blåhornet og Heimste Blåhornet. Fjellet ser blått ut i vakker sol. Adjektivet blå finst som utmerkingsledd i fjell- og vassnamn. Det kan sikte til at fjella ser blå ut på avstand, men ofte må vi rekne med blå i tydinga mørk eller nærmast svart farge. Tydinga høver òg for dei fleste tjørner og vatn med blå-namn. På Vartdal har vi eit djupt vatn som heiter Blåvatnet. På Hareid ligg Ramnefjellet, som også vert kalla Blåfjellet. Kjært fjell har mange namn, kunne ein seie. Det spørs kvar synsstaden er. I skumringa får fjellet noko blått over seg.

Konklusjon

Vi finn mange stadnamn på Sunnmøre som viser til ein farge. Mange stadnamn er svært gamle og er dei eldste kjeldene til norsk språk. Difor er det ei kulturoppgåve å ta vare på den store stadnamns rikdomen, som er ein del av vår kulturarv.