I fjor fekk Alnes status som «Utvalt kulturlandskap i jordbruket», som det første på Sunnmøre. I år kjem Norangsdalen med, med sine unike naturverdiar. Dermed følgjer det også pengar til å halde kulturlandskapet i hevd.

Norangsdalen har dratt turistar sidan 1800-talet. Frå Urkebygda ved Hjørundfjorden slyngar det særprega dalføret seg opp til eit stølsområde.

I denne dalen finn vi tradisjonsrike miljø med særleg biologisk og kulturhistorisk verdi, i mosaikk med moderne produksjonsareal, heiter det i grunngjevinga.

– Her har folk i generasjonar halde landskapet i særleg god hevd. Dette er også eit område og landskap som turistane den dag i dag får opp augo for, seier landbruksminister Jon Georg Dale (Frp) til Sunnmørsposten. Det er ikkje ministeren sjølv som har valt ut Norangsdalen, men han seier at han forstår veldig godt grunngjevinga.

– Området kan gro igjen dersom det ikkje går dyr på beite. Eg er glad dei får anerkjenning. Og eg håper dei kan halde oppe trykket for å halde landskapet i hevd og ta vare på dei unike naturverdiane, seier Dale, som sjølv kjem frå Sunnmøre.

Personleg legg han til: – Eg liker å profilere Geiranger, men personleg meiner eg at Hjørundfjorden og Norangsdalen er heilt på høgde, seier Dale.

– Så stas

– Så stas, er det første hotelldirektør Mariann Øye-Mork seier når ho får høyre nyheita. – Det er ikkje mykje som kan måle seg med Norangsdalen. Så dette synest vi er flott. Det er enormt viktig å kjempe mot attgroinga som skjer no. Turismen aukar mykje, seier ho i ein kort kommentar medan ho sit i møte.

Ei av eldsjelene i Hjørundfjorden er Synnøve Rekkedal Hill. Sidan 1996 har ho vore i bresjen for Hjørundfjord kulturvernlag.

– For halvanna år sidan tok fylkesmannen kontakt med meg og ville ha bilde frå kulturlandskap i Hjørundfjorden og området rundt. Deretter kom dei for å få ei omvisning, fortel Rekkedal Hill, før ho orienterer om at det er riksantikvaren, miljødepartementet og landbruksdepartementet som står bak tildelinga.

Mildt og lett å dyrke

Norgangsdalen har både eit gunstig klima og sandjord. Dette gjorde at folk tidleg slo seg ned her. Det er funne spor tilbake til bronsealder.

I Norangsdalen er det aktuelt både med manuell rydding av vegetasjon, styrt beiting med storfe, sau og geit, samt maskinell slått. Det er også aktuelt å setje i stand bygningar, murar, vegar og stiar. I nokre høve kan det vere aktuelt med ljåslått, opplyser Landbruks- og matdepartementet.

Fram til no har det vore 32 utvalde kulturlandskap i Norge. No blir det ni nye i tillegg, deriblant Røst i Lofoten. Desse områda får 30 millionar kroner i året på deling. Innan 2020 vil regjeringa sikre 46 utvalde kulturlandskap over heile Norge, opplyser departementet. Med berre fem nye område, kan det tenkast at Sunnmøre ikkje får fleire utvalde kulturlandskap enn Norangsdalen og Alnes.

Halleluja-stemning

Også Ørsta-ordførar Stein Aam ser store moglegheiter.

– Rundt Hjørundfjorden er det eit mykje rikare liv og høgare aktivitetsnivå enn det er i Geiranger, seier Aam først, før han blir meir seriøs:

– I går hadde vi besøk i kommunestyret av Tom Anker Skrede frå Destinasjon Ålesund & Sunnmøre. Han framheva Hjørundfjorden som eit av fire satsingsområde på Sunnmøre, seier ordføraren og fortel om hallelujastemning i kommunestyret. For få dagar vart det kjend at Ørsta kommune betaler ein prosjektleiar for å jobbe med å promotere Hjørundfjorden og områda rundt.

Mariann Øye-Mork ved Hotel Union Øye. Arkiv. Foto: Hild Nordal
Synnøve Rekkedal Hill. Arkiv.