Ståle Remøy fikk ærespris

Og med det vart han æresmedlem av Fosnavåg Shippingklubb.

Ståle Remøy (til venstre) saman med Richard K. Gjerde, president i Fosnavåg Shippingklubb. 

Nyheter

Ståle Remøy er fødd og oppvaksen på Remøya i Herøy kommune, og allereie som 14-åring starta han fiskarkarrieren med kvalfangst ved Shetland, og før han blei 20 dreiv han fiske i Vest-Afrika.

Seinare skaffa han seg sin eigen fiskebåt i 1972, og etter kvart fleire.

På 80-talet skaffa han seg tre fartøy som blei bygde om til supply-verksemd, og i 1983/84 etablerte han og broren Tore driftsselskapet Remøy Management.

Ståle blir rekna som ein pioner innan offshorenæringa i Herøy. Han var leiar i Remøy Management fram til 2015, då nevøen Even T. Remøy tok over.

Prisen vart delt ut under Fosnavågkonferansen på torsdag.


Fosnavågkonferansen:

Gule bøyer gir nye svar

140 millionar kroner er investert i ulike typar måleutstyr og instrument i Breisundet. Hittil er seks bøyer lagt ut for å gi viktig kunnskap.