Leiar av nominasjonsnemnda, Modolf Hareide, presenterer Krogsæter på følgjande måte i ei pressemelding fredag:

«Vebjørn Krogsæter er 54 år, fødd i Oslo, oppvaksen i Ålesund og budd i Haram (Vatne) sidan han var sytten år. Han har vore ein markant politikar i Senterpartiet i mange år; representant i Haram kommunestyre sidan 2003, frå 2007 fast medlem i formannskapet. I 2015 blei han vald til ordførar i Haram kommune. Gjennom prosessen med å danne Nye Ålesund kommune har han vore eit aktivt og konstruktivt medlem av Fellesnemnda og Arbeidsutvalet.»