Det blei full jubel i stova til Eivind Åge Myrene frå Ulstein då han fekk telefonen frå Hamar laurdag kveld.

Han trudde først det var ein kompis som tulla, melder Norsk Tipping på nettsida si.

– Hæ? Er du sikker på at det er sant, spør mannen.

Var ikkje tulletelefon

Etter at Norsk Tipping har forsikra både Eivind og dottera om at dette slett ikkje er ein tulletelefon, går det opp for vinnaren.

– Eg har vunne, eg er millionær, ropar Eivind ut til resten av dei som sit i stova, ifølgje rapporten frå Norsk Tipping.

Frå Haram og Gloppen

Eivind er ein av laurdagens 34 SuperLotto-vinnarar. Alle vann ein million kroner kvar.

Norsk Tipping trur at mange kanskje var opptatt med å feire sankthansaftan, eller sat og følgde med på Tyskland mot Sverige i fotball-VM. I alle fall var det åtte vinnarar som ikkje tok telefonen.

Blant desse er ei kvinne fra Haram, som altså har eit ubesvart anrop frå Norsk Tipping og er blitt lottomillionær.

I tillegg til dei to frå Sunnmøre, blei også ei kvinne i 40-åra frå Sunndal heldig vinnar frå Møre og Romsdal.

I Sogn og Fjordane blei to kvinner heldige vinnarar: Ei frå Gloppen og ei frå Luster.