– Det er vel dei som har meint at politikarane er heilt på jordet. Fjellhylle har derimot ikkje vore nemnt?

– Ha, ha. Jau, vi beveger vel oss stor sett på kanten heile tida, gjer vi ikkje?

Det er Arne Sandnes. Sp-ordførar i Norddal som svarer slik på nyheita om at Norddal kommunestyre skal på tur torsdag 28. juni.

Dei har kalla inn til kommunestyremøte på Smoge i Storfjorden.

Sandnes fortel at Smoge er ein gamal gard med ein gravhaug heilt tilbake til 900-talet.

Bratt, men kort

Råsa opp til tunet er bratt, men kort – berre 280 høgdemeter.

– Dette er ein tur som dei fleste vil klare, og utsikta er fantastisk, seier Sandnes.

Han har sjølv vore der ein gong tidlegare. No inviterer han lokalbefolkninga til å bli med.

– Men vi må få påmelding på førehand, slik at vi kan berekne skyss og mat, legg han til.

Båten vil gå frå Valldal og Eidsdal.

For oppe på Smoge er det kanskje ikkje sjølve møtet, med ca. ti saker på agendaen, slik som årsmelding og rekneskap, som lokkar mest.

Derimot byr Sandnes og co. på rømmegraut og spekemat. Felejentene skal spele – og Lars Kjell og Jon Inge Smoge vil fortelje om historia og folket.

Verdsarven

Katrin Blomvik og Merete Løvoll Rønneberg frå verdsarvstiftinga skal orientere om dei utfordringar og moglegheiter som verdsarven gjev – medan Bjørn Steinar Skarsbø og Frode Færøy frå Storfjordens venner vil ta for seg temaet: «Korleis tek vi vare på kulturarven i framtida? Kven tek stafetten vidare?»

Etterpå blir det tilbod om ein guida tur til Vonheim og Smogeli.

Stove i bakhand

– Vi har tenkt å halde sjølve kommunestyremøtet ute i friluft. Men dersom det blir dårleg vêr, har vi fått tilbod om å låne stova til Lars Kjell Smoge, legg Arne Sandnes til.

Han seier at dei frammøtte, både politikarar og andre, vil få høve til å studere nærare den kjempeinnsatsen Storfjordens venner har gjort for å ta vare på fjellgardane.

– Dessutan har ein eit flott utsyn frå Smoge, både over verdsarven, fjorden – og Åkerneset, med sine utfordringar.