Samferdselsministeren hadde kalla inn til pressekonferanse på Strynefjellet søndag, og det var venta at han ville kome med godt nytt. Og det gjorde han. Det var stor stemning og glede blant dei frammøtte ordførarane.

– Ein magisk dag, strålte Stryn-ordførar Sven Flo (H).

Også dei andre ordførarane jubla, for det er denne løysinga dei alle ønskjer; at ein lang tunnel erstattar dei tre gamle tunnelane på riksveg 15 Strynefjellet. Alle jobbar også for ein arm til Geiranger, slik at det blir heilårsveg til Austlandet til og frå turistbygda.

Og slik skal det bli, ifølgje meldinga samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen kom med på Strynefjellet søndag.

Ministeren hadde likevel ikkje med pengar til fjells.

Statens vegvesen får no i oppdrag å klargjere prosjektet for NTP, når Stortinget er klar for det. Så står det att å jobbe for dei nødvendige pengane.

Når det gjeld arm til Geiranger er denne eit fylkeskommunalt ansvar, men ministeren gjer det klart at det skal leggast til rette for at det er mogleg å få til ei slik løysing.