Nye Ålesund inngår samarbeid med ÅKP Blue Innovation Arena, Nextdigital og NTNU.

Fredag vart det kalla inn til informasjonsmøte om avtalene, som skal bidra til å oppfylle kommunen sine ambisjonar om å «bli ein føregangskommune innan digitalisering».

Skal svare døgnet rundt

Då kom det fram at det snart kjem ein digital svarteneste på kommunane sine heimesider.

Chatbot-en Kommune-Kari nyttar kunstig intelligens for å gi innbyggjarane informasjon utan at dei må ringe, sende e-post eller søke opp informasjonen.

I praksis vil Kommune-Kari visast som eit ikon på heimesidene til kommunen. Ved å trykke på ikonet, vil det kome opp ei rute der du kan stille spørsmål i ein nettsamtale.

(saka held fram under)

Ørskog først ut

Ørskog er først ute av Nye Ålesund-kommunane til å ta i bruk nyvinninga på sine heimesider.

– Dette er no i gong som ei pilotprosjekt i Ørskog, også er det meininga at dei andre kommunane skal følgje etter, fortel rådmann Synnøve Vasstrand Synnes i Ørskog til Sunnmørsposten.

Ho har sjølv testa tenesta og var nøgd med svara ho fekk om barnehageplass og skulerute.

– Det er ofte slike enkle spørsmål folk lurar på. Då ventar innbyggjarane å finne oss på digitale arenaer og at vi i større grad er døgnope. Samstundes er det sjølvsagt eit mål å effektivisere drifta av kommunesektoren, påpeiker ho.

Nye partnere

Eit viktig mål ved avtalane som no vert inngått, er å gi kommunen tilgang på arenaer og nettverk der ein kan dele kunnskap ved tverrfagleg samarbeid.

Mellom anna blir kommunen med i det regionale bedriftsnettverket Nextdigital - og det er planar om workshop om kunstig intelligens.

Samarbeidet med NTNU Ålesund skal i første rekke dreie seg om to tema: Smart samfunn – planlegging, by- og regionutvikling inkludert havrom og Smarte tenester – helse, velferd og undervisning.

ÅKP Blue Innovation Arena ved Campus Ålesund skal gjere teknologi frå havnæringane tilgjengeleg for fleire bransjar. Saman med kommunen vil dei sjå på kva overføringsverdi det har for offentleg sektor.

Les meir om samarbeidet på Nye Ålesund sine heimesider