– Dette er jo glimrande, seier Viktor Valdal når vi formidlar vidare nyheita som samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) kom med sist søndag.

Då sa statsråden at han straks vil gje Statens vegvesen i oppdrag å finne løysingar for ei mobildekning mellom Valldal og Trollstigen.

– Eg lovar at mobilproblemet blir løyst så fort det let seg gjere, sa Solvik-Olsen til Romsdals Budstikke sin journalist.

– Ørkenvandring

Ein fin haustdag i september 2013 vart Sunnmørsposten med Viktor Valdal opp i Valldalen, i retning Trollstigen. På ei 11 kilometer lang strekning var det ikkje dekning på telefonen.

Valdal hadde då akkurat sendt eit brev til ordførarane i Norddal og Rauma, og reiselivssjefane, der han bad dei ta kontakt med Telenor og andre instansar for å få på plass ei telefondekning året etter.

– Eg hadde ikkje trudd at det skulle gå så mange år før noko skjedde. Det har rett og slett vore ei ørkenvandring, der det stadig har dukka opp nye problem, seier Valdal i dag.

– Kvifor engasjerte du deg i denne saka?

– På denne tida hadde det offentlege brukt mange millionar på å gjere Trollstigen til eit fantastisk anlegg, og så mangla det samband. Eg vart overraska då eg oppdaga at det var snakk om så mykje som 11 kilometer.

– Eg sa då eg tok opp saka at eg frykta alvorlege ulykker på strekninga. Og dei kom jo, også.

Måtte køyre 4 km for å varsle

ulykke: I mai kolliderte to bilar på fylkesveg 63 mellom Trollstigen og Valldal. Vedkomande som skulle melde frå, måtte køyre fire kilometer for å få mobildekning. ARKIV Foto: Per-Kristian Bratteng, Åndalsnes Avis

Ved ei trafikkulykke tidlegare i år måtte vedkomande som skulle varsle naudetatane

køyre fire kilometer før det vart dekning på telefonen.

Viktor Valdal meiner dette må vere den mest trafikkerte vegen med den lengste strekninga utan mobildekning.

Eit alternativ til mobiltelefon er naudtelefonar. For kort tid sidan løyvde fylkesutvalet pengar til ti slike telefonar på den aktuelle strekninga neste år.

Fylkesordførar Jon Aasen (Ap) seier vedtaket står ved lag.

– Men om det skulle vise seg at det blir mobildekning her året etter at naudtelefonane er på plass, må vi kanskje sjå på om dette er bortkasta pengar, legg Aasen til.