Det blir likevel ikkje kommunestyremøte på fjellgarden Smoge i Storfjorden torsdag.

– Vêrmeldingane er så dårlege at vi vågar ikkje å gjennomføre møtet der. Det blir for glatt i råsa opp, og så blir det for utriveleg for folk å vere ute i fleire timar når det silregnar.

Det seier ordførar Arne Sandnes (Sp), og flyttar møtet tilbake til kommunehuset i Valldal.

– Det var synd at vi måtte avlyse møtet på Smoge, for det var laga til eit skikkeleg spanande opplegg. Så det er berre å beklage til dei mange som allereie hadde meldt seg på, legg Sandnes til.

Råsa opp til Smoge er bratt, men kort – berre 280 høgdemeter.

– Det var ein god idé, så eg utelukkar ikkje at vi prøver igjen seinare, kanskje ein annan stad, seier Arne Sandnes.