– Det må kome nattferje. Dei kan ikkje avskjere ein heil region på denne måten, meiner Vidar Tømmerstøl frå Hovdebygda og Eivind Berge frå Ekset i Volda.

Dei pendlar til Nordfjordeid, der dei er bakarar ved Bakehuset Tunold. Sørover tek dei halv tre-ferja frå Volda til Folkestad. Heimover køyrer dei Kvivsvegen og gjennom Rotsethorntunnelen cirka 01.30.

Vil ha nattferje

Frå august/september vil dei møte stengd tunnel. Om dei skal vente på første kolonne, blir det fleire timar ventetid i Hjartåbygda. Første kolonne går ikkje før klokka 04.50.

– Om det ikkje blir ferje, så blir det ein tung veg og lang arbeidsdag for oss. Det er ikkje eit alternativ å sitje mange timar og vente på neste kolonne. Vi har lang nok dag som det er, seier Tømmerstøl og legg til at dei har ungar og forpliktingar heime som dei må ta omsyn til.

– Innfjordtunnelen var også heilt stengd, men der var det ikkje noko alternativ med ferje. Det er det her, seier Berge.

Alternativet no blir å køyre den smale og dårlege vegen frå Hunnes og over til Vatne, noko som også vil ta lang tid. Det er heller ikkje freistande, i bekmørke haustnetter, på glatte vegar. I fjor haust blei vegen også vinterstengd i november.

– Hadde det vore snakk om nokre få dagar, så hadde eg ikkje stussa på å køyre der, men no er det snakk om fleire månader. Det blir tungt, seier Tømmerstøl.

Brødbilar blir ramma

Arbeidsgivaren deira, Bakehuset Tunold blir også ramma.

Kvar natt går brødbil til søre Sunnmøre gjennom tunnelen.

– Vi har ein dialog med Statens vegvesen. Eg satsar på at vi finn ei løysing, men vi er ikkje i mål enno, seier transportsjef Axel Spencer Gloppestad ved Bakehuset Tunold, som meiner at brødbilar er rutegåande trafikk når dei køyrer ruter til same klokkeslett kvar natt.

Blir ikkje nattferje

Arbeidet i tunnelen startar opp i august/september. Arbeidet skal vere ferdig i juni 2019.

Statens vegvesen legg opp til fri ferdsel frå klokka sju om morgonen til sju om kvelden. Så blir det kolonnekøyring ein gong i timen på kvelden fram til cirka halv elleve, før det blir heilt stengd til cirka halv fem neste morgon.

– Vi skulle gjerne hatt ei betre løysing, men det er ikkje mogleg å gjere dette arbeidet utan ulempe for reisande. Vi treng fire-fem timar med heilt stengd tunnel for å jobbe effektivt, seier Ole Kristian Birkeland i prosjekt tunnelutbetring Sunnmøre til Sunnmørsposten.

Nattferje vil dei to bakarane ikkje få, men Birkeland fortel at det frå starten av desember vil bli kolonnekøyring heile natta.

– Vi har sett på om det er mogleg å få til nattferje, men det er ikkje berre å halde dei som jobbar på ferja oppe lenger. Reiarlaget har utnytta kapasiteten allereie, og nattferje vil føre til at dei må endre turnus. Det er også lite trafikk på denne tida, og det blir for lite å fyre opp ei ferje for, seier Birkeland.

Ambulansar, brannbilar og politi vil få passere.