Slagordet er «éin innbyggar, éin journal» og berre éin leverandør står att i anbodskonkurransen. Epic System Corporation skal underteikne kontrakt på prosjektet som er estimert til å koste 2,7 milliardar kroner.

I kva grad prosjektet lykkast, vil bety mykje for tryggleiken til alle pasientar i regionen vår. Målet er ein journal som følgjer pasienten.

– I dag er det for eksempel sånn at om du brått blir lagt inn på sjukehus, må legane vente på å få innsyn i journalen frå fastlegen. Dette skal i staden gjerast effektivt og i sanntid.

Det seier kommunikasjonssjef Sigrun Berge Engen i prosjektgruppa Helseplattformen.

Dansk revisjon med krass kritikk

Den danske riksrevisjonen såg med lupe på korleis hovudstadsregionen tok systemet frå leverandøren Epic i bruk. Revisjonen fann mellom anna at mange av sjukehusa framleis opplever aktivitetsnedgang meir enn eitt og eit halvt år etter innføringa. Forventingane til raske, positive effektar av det nye systemet var urealistisk høge.

Trass i at systemet frå Epic den gongen var uferdig og plaga av feil og manglar, vart det implementert. Brukarane hadde ikkje fått tilstrekkeleg opplæring. Planlegginga var generelt mangelfull og tilgjengelege erfaringar frå utlandet vart oversett.

Desse barnesjukdommane skal ein klare å unngå i Noreg, meiner Berge Engen.

Trur på suksess: Sigrun Berge Engen håpar på kollektiv entusiasme. Foto: Helse Midt-Norge

– Ingen store IKT-prosjekt blir innført heilt fritt for risiko. Men vi lærer definitivt av andre, gjennom erfaringsbesøk, dialog, og å følgje med på det som skjer, til dømes i Danmark.

Engen fortel at alt ifrå legar, sjukepleiarar fysioterapeutar og farmasøytar blir tatt med på råd når systemet blir skreddarsydd for ulike delar av helsevesenet i Midt-Noreg.

Ingen konkurranse i sluttfasen

Dei to amerikanske selskapa Epic og Cerner stod i januar att som konkurrentar om å levere. Cerner trakk seg ut i slutten av mai. Kommunikasjonsdirektør for selskapet, Hans Jacob Moe, grunngav dette slik til dagensmedisin.no: «Vi har hele tiden vært enig i målet – å lage én journal for alle innbyggerne i Helse Midt. Slik dialogen utviklet seg ble det klart at Helseplattformen ønsket løsninger som er veldig skreddersydde for regionen og kommunene. Dette var ikke forenlig med vår forretningsmodell (…)»

Uttrekkinga tar Berge Engen med ro.

– Sjølvsagt skulle vi gjerne ha hatt eit endeleg tilbod frå Cerner, men vi skulle etter planen snart stå igjen med berre ein leverandør uansett.

Engen fortel at dei hatt mange møte med Epic, og jobba med prosjektet i fleire år.

Pasientombodet vil ha innsyn

Pasient- og brukarombod Runar Finvåg trur den nye helesplattformen blir eit godt system, samstundes som han kjem med nokre «men»: Det eine er at prosjektet må lære av det som skjedde i Danmark.

– Systemet må vere effektivt og vi må unngå store forseinkingar, seier han.

Pasientombod: Helseplattformen blir sentral for alle brukarar av helseti­bod i Møre og Romsdal. Ombodsmann Runar Finvåg kjem til å følge nøye med. Foto: Pasient- og brukarombodet

Det andre er at personvernet og sensitive opplysingar blir i varetatt på ein sikker måte. Dette må ikkje sperre folk frå å sjekke informasjon om seg sjølv. Derfor vil ombodet at brukarane skal ha mogelegheit til innsyn.