– I etterpåklokskapens lys og når ein ser korleis denne saka ber av stad, så har eg ingen problem med å forstå at det blir stilt spørsmål ved mi rolle. Eg burde reagert med ryggmergen, seier Reidar Andresen til Sunnmørsposten.

Avisa Møre skriv at ordførar Jørgen Amdam la ned veto mot at kommunestyret skulle behandle ei sak om å sjå nærare på Volda kommune si rolle rundt sal av sanitetshuset. Dette blei gjort etter råd frå advokat, ifølgje Møre.

Er styremedlem

Og advokaten som gav rådet var Reidar Andresen.

Andresen er styremedlem i Tema Holding, holdingselskapet som eig Tomteservice. Dette selskapet trekte seg frå kjøp av sanitetshuset, då dei blei klar over at kommunen ville bygge reinseanlegg på eigedomen. Sanitetslaget aksepterte ikkje at kjøpet blei heva og gjekk til sak. Selskapet var i rettssaka representert ved ein advokatfullmektig som er tilsett i Judicia, advokatfirmaet der Andresen er partnar og styreleiar.

Andresen seier til avisa Møre at det er mange år sidan han orienterte kommunen om den forretningsmessige relasjonen han har til familien som eig desse selskapa.

Førre torsdag fekk Andresen telefon frå Volda kommune med spørsmål om råd. Han var i retten i Molde denne dagen, men ringde opp igjen i ein pause.

– Rådet eg gav i ein kort telefon, på to minutt, var knytt til saksbehandling og ikkje realitetar i saka, seier Andresen.

Gav to råd

Når det gjeld ordet veto, meiner han at dette ikkje er eit dekkande ord.

– Eg gav to råd: Volda kommune er for tida ikkje part i saka mellom Tomteservice og sanitetsforeininga. Og: Saka framstod etter mi meining som for alvorleg til at den kunne avgjerast utan grundig saksutgreiing frå rådmannen si side, seier Andresen til Sunnmørsposten.

Politikarar stiller spørsmål

Han beklagar at det no blir stilt spørsmål ved rolla hans.

– Eg har sagt til kommunen at det er klokt om eg ikkje har noko meir med denne saka å gjere, ettersom det blir stilt spørsmål ved dette, seier han.

Etter det som kjem fram i Møre er det blitt ei stor sak i kommunen, der fleire politikarar er kritisk til kommunen sin handlemåte i saka.

Andresen var også involvert før kommunen sende det omstridde brevet til sanitetslaget. Bakgrunnen for brevet var at ein meinte det var ryddig at kommunen varsla seljar gjennom eit brev.

– Då ante eg ikkje at Tomteservice var interessert i eigedomen. Eg sit i holdingselskapet og har ikkje noko med dagleg drift å gjere, seier Andresen.

Neste gong han høyrde om saka, var den dagen Tomteservice skulle overta eigedomen. Denne dagen hadde selskapet fått vite om brevet frå kommunen og trekte seg frå kjøpet. Då ringde advokatfullmektigen hans, Martin Dyb, og orienterte om saka. Det var seinare Dyb som førte saka for Tomteservice i retten.

– Eg gav på dette tidspunkt uttrykk for at eg var overraska over at brevet frå kommunen til seljar ikkje var lagt fram for aktuelle kjøparar, då det går fram av brevet at dette burde vore gjort, seier Andresen.

Reidar Andresen er kommuneadvokat for Volda. Foto: Staale Wattø