Utsegna og spørsmålet kom fram under eit informasjonsmøte om Nordøyvegen torsdag kveld, på Ingebrigt Davik-huset i Brattvåg. Det var Haram Næring og Innovasjonsforum som inviterte, og eit publikum på rundt 30 som kom.

Ordførar i Haram, Vebjørn Krogsæter, var møteleiar, og tok imot dei 1.322 underskrifter på Facebook-oppropet «Ja til vidare bygging av Nordøyvegen!» som Gunnbjørg Seth overrekte.

– Folk er bekymra og triste, men klare til å hente krefter «frå grunnvatnet» til å kjempe vidare, for Nordøyvegen er viktig for oss, sa Seth.

– Vi treng at folk er engasjerte, svarte ordføraren

– Vi må mobilisere og ta i bruk alle dei kanalane som finst, som kan bidra til at Nordøyvegen vert realisert. Alle gode og kreative idéar og forslag rundt finansiering og gjennomføring tek vi i mot med takk. Dette er ei skjebnetid. Ikkje berre for øyane, men for Nye Ålesund som skal vere ein attraktiv plass for både folk og næringslivet. I kommunereforma er ei felles arbeidsmarknad noko av det viktigaste. Då må fastlandssambandet på plass. Vi har ei utfordring i at det vert spreidd mytar om finansieringa. Som at pengane i staden kan brukast til å byggje andre vegar og skular. Det er feil.

Eit enkelt reknestykke

Tommas Brugrand representerte Rolls-Royce Marine avdeling Longva på møtet. Sjølv bur han i Ålesund, og ser dagleg at Nordøyvegen tek form, når han på veg til jobb passerer anleggsarbeidet på tre plassar:

– For meg er anleggsområda beviset for at Nordøyvegen vert realisert. Prosjektet har kome for langt til å kunne stoppe. Det vil koste å reparere såra i landskapet, for ikkje å snakke om oppgraderinga av ferjer og kaier som vil stå for tur, dersom Nordøyvegen vert skrinlagt.

– Eigentleg er reknestykket enkelt: Prisen på Nordøyvegen er høg, men det vil koste meir å la vere å fullføre prosjektet. Både samfunnsøkonomisk, for næringslivet, og menneskeleg sett. Folk satsar jo heile familien sin på å bu på øyane, og mange kjenner på sjokket når det igjen vert sådd tvil. Alle ventar vi på det nye livet etter Nordøyvegen, seier Brugrand til Sunnmørsposten.

Han er oppgitt over det også han ser som den store myten rundt finansieringa:

– Pengane som skal gå til Nordøyvegen kan ikkje brukast til andre ting. Pengane finst berre dersom Nordøyvegen vert realisert. Det er faktisk så enkelt som det, seier Brugrand.

Vil ha fram optimismen

Under møtet vart Sunnmørsposten kritisert for artiklar som Jann Petter Farstad kallar «problematiserande journalistikk»:

– Det er greitt at avisa vil ha balansert debatt der alle syn får sleppe til, men Sunnmørsposten bør alltid vere som resten av Sunnmøre i møte med utfordringar, nemleg optimistisk og på jakt etter løysingar. Det er når vi står saman om eit felles mål, at vi på Sunnmøre lykkast. Det kan vi også greie med Nordøyvegen, seier Farstad.

Les også: Frank Sve mener fylkesrådmannen bryter kommuneloven ved å be om at planene om å bygge Nordøyvegen stoppes uten nærmere utredning

Gunnbjørg Seth med ei underskriftsliste, til støtte for Nordøyvegen, som ordførar Vebjørn Krogsæter får. Foto: Gry Støre
Fylkestingspolitikar Cine Austnes maner til folkeleg engasjement fram mot Fylkestinget avgjer Nordøyvegens skjebne i oktober. Foto: Gry Støre