Fylkesrådmannen meiner at anbodskonkurransen om Nordøyvegen bør avlysast snarast. I Frp ropar gruppeleiar Frank Sve om at partiet vurderer mistillit mot fylkesrådmannen.

Men kva meiner gruppeleiarane i dei andre partia på fylkestinget? Hadde fylkesrådmannen kome med forslaget utan å ha ei viss ryggdekning frå politikarane? Søndag tar Sunnmørsposten runden med partileiarane. Dersom anbodskonkurransen skal avlysast no, er det fylkesutvalet som må gjere det, sidan første møte i fylkestinget truleg blir i september.

Etter berre fem minutt tikkar første svar inn, frå Charles Tøsse (H): – Det er for tidleg å konkludere no. Vi treng å bruke den tilgjengelege tida fram over hausten for å få fram alle sider, konsekvensar og fakta rundt Nordøyvegen. Då kan vi gjere vedtak på eit best mogleg grunnlag.

Fylkesvaraordførar Gunn Berit Gjerde (V) seier det slik:

– Om det ikkje dukkar opp ei skattkiste eller nye, gode opplysningar til i morgon, så har vi vel ikkje noko val.

Neste er Iver Nordseth (V): – Eg meiner det blir feil å avlyse no før vi har fått undersøkt moglegheitene for auka inntekter, eventuelt reduserte utgifter. Som medlem av Plannemnd for samferdselsutbygging står eg på dette!

Ventar med å svare

Arbeidarpartiet har den største partigruppa, og Tove-Lise Torve seier dei skal drøfte saka på eit formøte i morgon tidleg (måndag). I deira partigruppe vil vararepresentant Bjarne Elde møte for Per Vidar Kjølmoen, som har ferie.