Det er kjend at kjend at Haram kommune, Sandøy kommune og nye Ålesund har lova til saman fleire hundre millionar kroner i tilskott til Nordøyvegen. Huse-familien i Sandøy har lova 15 mill. i gåve. Og Huse og Rostein har kome med eit tilbod for å avlaste fylkeskommunen si lånegjeld.

No skriv fylkesrådmannen at det må ligge føre bindande vedtak for dette i løpet av august.

– Dette kan sjå ut som at det private initiativet frå vår side ikkje står ved lag, skriv Glen Bradley i Rostein i ein e-post til Sunnmørsposten. Bradley understrekar at tilbodet deira står ved lag. Så legg han til:

«Vi kan også informere at flere større kapitalbesittere har meldt sin interesse til å delta om/når fylket/kommune(r) kan nærmere avklare evt ønske om videre samtaler.» Dermed er det også klart at utspelet er hos fylket og hos nye Ålesund kommune.

Droppar muligens aksjeselskap

Den første ideskissa var å opprette eit aksjeselskap der Rostein, Huse og kommunen er aksjonærar, med lån og eigenkapital på fleire hundre millionar kroner for å få bygt Sørsida-skulen i Ålesund. Dette vil kunne avlaste fylkets lånegjeld, slik at det kan vere lettare for fylket å realisere Nordøyvegen.

Etter eit møte med fylket, forstår Bradley at dagens forskrifter ikkje er gunstig for denne første ideskissa, og at det derfor er fordyrande. Rostein og Huse  vil derfor sjå om det kan gjerast justeringar som gjer det meir positivt og aktuelt for fylkeskommunen.

Dermed går det muligens mot ein modell der det utelukkande blir lånt inn pengar. Rostein opplyser at dei då vil tilby eit lån til Sørsida-skulen på 60 millionar kroner til 1 prosent rente. Forutsetninga er at Nordøyvegen blir bygt. Det er her Bradley skriv følgjande: «Vi kan også informere at flere større kapitalbesittere har meldt sin interesse til å delta om/når fylket/kommune(r) kan nærmere avklare evt ønske om videre samtaler.»

Samtidig understrekar han at det private initiativet ikkje har til hensikt å pushe fylkeskommunen. – Vi har både forståing og respekt for den betydelege forskjellen det er mellom private og offentlege investeringsprosessar!

Les også: Skanska svarer fylket: – Vi har ikkje bråhast