Statens vegvesen har skrive kontrakt med Ørsta-firmaet K. A. Aurstad saman med selskapa BKK Enotek AS og Norsk Bergsikring AS for utbetring av Rotsethorntunnelen i Volda.

Verdien på kontrakten er på nær 89 millionar kroner.

Tunnelen skal utbetrast for å heve sikkerheita i tunnelen og etter sommarferien startar dei førebuande arbeida,

– Arbeida er planlagt starta opp i månadsskiftet august/september og skal vere ferdig i løpet av juni 2019, fortel assisterande prosjektleiar Arne Ola Stavseng i Statens vegvesen i ei pressemelding.

Trafikken er planlagt avvikla med kolonnekøyring mellom kl. 19 og 07, bortsett frå på helg. Då blir det fri ferdsel frå laurdag morgon til søndag kveld.

(saka held fram under)

Les fleire detaljar om kolonnekøyring på vegvesenet sine nettsider (ekstern lenke)

Dette skal i hovudsak gjerast i tunnelen:

  • Det meste av det elektriske anlegget skal skiftast ut.

  • Sprenge to nisjar for havarilomme og teknisk bygg inne i tunnelen.

  • Bygge tekniske bygg.

  • Montere vannsikring i deler av tunnelen.

  • Etablere videoovervaking med direkte kontakt til Vegtrafikksentralen.

  • Montere nytt rekkverk i tunnelopningane.

  • Støype betongrekkverk der det manglar.

  • Montere trafoar i tekniske bygg.

  • Framføring av høgspent i samarbeid med Mørenett.