– 62° Nord kan gjerne drive turisme, men dei treng ikkje å kjøre rett gjennom fugleflokkane.

Det seier Ingar Støyle Bringsvor som overvakar sjøfugl på Runde for Norsk ornitologisk forening, som igjen gjer dette på vegne av Norsk institutt for Naturforskning (NINA).

Fugleelskar: Ingar Støyle Bringsvor har til no dokumentert til saman 230 ulike fuglearter på heimstaden Sandsøya og naboøya Voksa. Foto: Arild Hareide

Den 13. juni, mens han gjorde feltarbeid på øya med kameraet i nevane, var han vitne til noko som opprørar han.

Øydelegg for hekkinga

– På bileta kan ein både sjå lomvi og alke som flyg unna og dykkar unna ein RIB-båt frå 62° Nord. Å bli skremt vekk kostar fuglane dyrebar energi, som dei skulle har brukt på å føre neste generasjon vidare, forklarar Bringsvor.

Han legg til at fugl også kan bli skadd i eit eventuelt samanstøyt.

Fotografen hugsar det slik at båten først kom roleg, før båtføraren sette opp farta og plana inn mot flokken.

Lomvi og alke: Bestanden av Lomvi er redusert med opp mot 90 prosent. Arten er kritisk truga i Norge. Biletet er frå Runde (juni 2017). Foto: Ingar Støyle Bringsvor

Kritisk truga

I følgje både Bringsvor og Alv Ottar Folkestad, begge fugleekspertar, er bestanden av mellom anna lomvi kraftig redusert dei siste åra.

–  Det pleidde å vere 10.000 hekkande par på det meste. No er vi nede i mellom 1000 og 1500 par, fortel Bringsvor.

Arten har status som kritisk truga på den norske raudlista.

Han peikar på sviktande næringstilgang i havet som hovudårsak, og ser på dette som eit teikn på at noko er alvorleg gale med økosystemet.

– På toppen har vi denne omsynsløse køyringa som utgjer ei enorm tilleggsbelastning

Han fortel at fuglane berre blir meir og meir sky.

–Det er ikkje berre 62° Nord sin feil, men handlar om at folk generelt er for nærgåande og ikkje visar omsyn.

Sjøfuglovervakaren seier dette om kvifor vi i det heile tatt skal bry oss om sjøfuglane:

– For det første kan ein ikkje sjå ned på andre artar fordi dei ikkje er menneske. For det andre har sjøfuglane sine viktige roller i økosystemet.

Han legg til at levande natur rundt oss er godt for sjela.

– Om ikkje 62° Nord kan vise omsyn og rette seg etter lovar og reglar, må dei bli stoppa, konkluderer han.

Sterkt truga: Alke ved Runde (mai 2018). Arten står oppført som «sterkt truga» på den norske raudlista Foto: Ingar Støyle Bringsvor

Flakk: – Eg beklager

–Dette er veldig beklageleg, seier dagleg leiar i 62° Nord, Knut Trygve Flakk, etter at han har sett på bileta.

– Vi har klare instruksar for korleis båtførarane våre skal køyre. Det er openbart at nokon har brutt instruksane, seier han.

Ingen bortforklaringar: Bileta taler sin sak, og Flakk lover bot og betring Foto: Staale Wattø (arkivbilde

Flakk seier at dei må gå gjennom reglane på nytt i selskapet. Han fortel også at ny teknologi som ikkje var der då bileta vart tatt 13. juni, no er på plass.

– Vi tok i bruk GPS-sporing ifrå slutten av juni. Dermed kan vi frå no av kontrollere kva for fart båtane har hatt.

Samstundes ber Flakk folk vere klar over at 62° Nord berre er ein av fleire aktørar i området, og ikkje kan ta skulda for alt som går alt.

– Men for all del, eg beklagar veldig, seier han avslutningsvis.

Frustrert over politiet

Sunnmørsposten fekk vite om saka gjennom innsyn i eit dokument. Det var sendt frå Alv Ottar Folkestad til Møre og Romsdal politidistrikt, og byrjar slik:

«På vegne av NOF-avdeling (Norsk ornitologisk foreining, journ. anm.) Møre og Romsdal vil vi med dette rapportere inn det vi oppfattar som eit grovt brot på vernereglane for Runde fredingsområde»

No, fleire veker seinare er Folkestad irritert over manglande respons. Han meiner å se eit mønster der miljøsaker ikkje blir prioritert.

– Politiet har hatt ein tendens til å ikkje reagere før det brenn rundt beina på dei, seier han.

Opnar etterforskning

– Eg las eposten frå Folkestad søndag kveld (1. juli, journ. anm). Eposten er no koda om til å vere ei anmelding frå politiet, seier Tor Sæther, lensmann i Herøy, Sande og Vanylven.

– Skrivet vart sendt til politidistriktet 15. juni. Kvifor har det gått så lang tid?

Det har eg ikkje svaret på no. Det er uansett veldig uheldig og beklageleg.

Sæther slår fast at sjøfuglen treng spesiell omtanke.

– Det er jo allment kjent at sjøfuglane slit. Det har gått feil veg med bestandane i mange år, derfor må vi verne om det vi har. På Runde har vi eit fuglefjell som er ein turistattraksjon seier han.

– Kor gode bevis er bileta i ein eventuell straffesak?

– Det kan eg ikkje uttale meg om no.

Han vil ikkje slå fast noko bombastisk i korkje eine eller andre retninga.

– Det er skilnad på kva som er straffbart og kva som er uønskt aktivitet. Uansett er det viktig at fuglane ikkje blir forstyrra. Dei som driv med turisme må sjølvsagt vise omsyn.

Etterforskarar blir no engasjert i saka.