Fleirtalet i bygdene Norddal og Eidsdal ville til Stranda. Men dei skal framleis tilhøyre Norddal kommune, og blir med inn i nye Fjord kommune frå 2021. Fjord skal nemleg bestå av kommunane Norddal og Stordal.

Kjempeskuffa

Merete Løvoll Rønneberg, ei av eldsjelene som har kjempa for at bygdene Norddal og Eidsdal skulle bli ein del av Stranda, blir skuffa når vi fortel henne om statsråden si avgjerd:

– Vi stryk vel ikkje med, same kvar vi hamnar. Men eg må vedgå at dette var kjempeskuffande.

– Trudde du at det skulle kome eit ja til grensejustering?

– Eg trudde vel eigentleg ikkje noko som helst, men eg følte at det hella mot at vi fekk medhald i departementet. Dei har jo sagt at ein ville lytte til folkemeininga. Men det gjorde ein ikkje her.

Per Magnus Berdal (Sp), varaordførar i Norddal kommune, er derimot letta og glad:

– No slepp vi å dele opp kommunen. Hadde dei to bygdene gått til Stranda hadde vi mista 29 prosent av folketalet vårt.

– Vil uroa leggje seg no?

– Eg håpar det. Politikarane må iallfall gjere sitt for å utvikle heile kommunen, seier Berdal.

– Det blir altså inga endring. Alt blir som før på indre Sunnmøre. Med andre ord har det vore mykje skrik og lite ull, seier ordførar og sauebonde Jan Ove Tryggestad (Sp).

Og han held fram:

– For Stranda sin del er dette ei heilt grei avgjerd, men du verda så mykje tid som har gått med til møte – til inga nytte. Dessutan har det skapt uro internt i Norddal kommune.

Merete Løvoll Rønneberg er skuffa over avgjerda til statsråd Monica Mæland. Foto: Terje Engås