Ho og ektemannen Magnus Hagen Knudsen er to av dei som søkte om å få ei grensejustering, slik at Bjørke krins vart ein del av nye Volda kommune, som er samanslåinga av Volda og Hornindal.

– Vi er sjølvsagt svært glade i dag over at departementet har sagt ja til flytting. For vi har gått og venta på denne avklaringa, seier Randi Myklebust.

Eit anna par som har kjempa for det same er Maria Nikkinen Rørstad og Torbjørn Hoel.

God magekjensle

I mars vart det kjend at fylkesmann Lodve Solholm innstilte på ei slik flytting. Likevel har ikkje paret vore sikre på kva departementet ville lande på:

– Vi kunne ikkje vere sikre på noko som helst. Det kunne gå begge vegar. Men eg hadde ei god magekjensle, seier Randi.

Ho har teke over familiegarden i bygda. Her har dei no 25 geiter, 36 ammekyr, inkludert okse og kalvar, to kattar og ein hund. Og ikkje minst ein odelsgut: vesle Rasmus Mathias.

Med Kvivsvegen er Hornindal næraste bygda til Bjørke, der også dei næraste butikkane er.

– I nye Volda blir det også kortare veg til helsetenestene, enn om vi skulle ha halde fram med å vere ein del av Ørsta, legg Randi Myklebust til.

Og det er slike forhold kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland (H) har lagt vekt på:

– Med grensejustering vil innbyggjarane få demokratisk påverknad på tenestetilbodet i kommunen som leverer tenestene. Dei får også kortare avstand til alle typar kommunale tenester, seier Mæland i ei pressemelding.

Grensejustering skal først og fremst vere eit verktøy for å tilpasse grenser til eksisterande samhandlingsmønster og bruk av kommunale tenester.

Skuffa Ørsta-ordførar

tapte: Ørsta kommune, her representert ved ordførar Stein Aam (t.v.) og Ola Perry Saure, har kjempa for å behalde bygdene Bjørke og Viddal, men tapte kampen. Arkiv Foto: Nils Harald Ånstad

Ørsta-ordførar Stein Aam (Sp) er skuffa over avgjerda.

– 57 prosent ville ikkje til Volda, og det er beklageleg at først Fylkesmannen og no departementet har teke eit anna standpunkt. Eg får berre gratulere dei som har vunne, seier Aam til Sunnmørsposten.

Ørsta kommune sitt inntektsgrunnlag vert svekka som følgje av vedtaket, noko som vil skade det vidare utviklingsarbeidet i heile Ørsta kommune, skriv kommunen på nettsida si. Aam vil ikkje svare på det no kan bli slik at heile Ørsta vil slå seg saman med Volda.

– Politikarar og administrasjon må drøfte kva vi skal gjere no. Fleirtalet både i Ørsta og Volda har sagt nei i denne perioden, og den er det eitt år igjen av, seier Aam.

Stig Olav Lødemel (H), ordførar i Hornindal og leiar i fellesnemnda for Nye Volda, meiner derimot avgjerda er rett, ikkje minst fordi innbyggjarane i desse bygdene i praksis lever sine liv i nye Volda.

Han ser at det er sterke kjensle i debatten og oppmodar no alle om å vise kvarandre respekt.