Dei siste par åra har Ellingsøy-guten jobba på spreng med det målet å ein gong vere sin eigen sjef. No har han vel tre veker att med dobbeljobb på to kontor med 15 minutts gonge mellom i Oslo sentrum. Det eine med økonomi for eit landsdekkande selskap, det andre som gründer for aktivitetsmarkedsplassen «Biaton».

– Det hjelp å ha økonomi og grafisk design i botn, men vi har vore nøydd å lære oss ein del om marknadsføring, mellom anna, ler Hans-Peter.

Trening, tur og fantasi

Saman med studiekameraten frå Trondheim, Harald Greiff, har 29-åringen frå Ellingsøya utvikla ein mobilapp som let folk enkelt tene pengar på hobbyen sin. Det kan vere å vise folk rundt i Sunnmørsalpane, lære folk å gå på ski, vise fram gode jaktmarker eller gje tilbod om trenings- og kostholdsrettleiing.

– Det er nesten berre fantasien som set grenser for kva slags tenester ein kan tilby. Appen er rigga for all slags marknader, fortel Sperre og Greiff. Sjølve ideen kom dei på fordi dei sjølve irriterte seg over at det ikkje fanst noko lågterskeltilbod for å leige tenester som jaktguide og skiinstruktør om man ikkje var ute etter heile pakka.

I startgropa

– Då vi søkte etter dette fann vi ut at det var som ein restaurantmeny kor du berre kunne velje indrefileten. Der var verken forrett eller garnityr, forklarer Hans-Peter Sperre. Biaton vart lansert i februar, og per i dag er det fleire tusen menneske som brukar appen enten som tilbydar eller kjøper av tenester.

– Vi er jo framleis tidleg i startgropa, men det har vore godt med aktivitet så langt, synest gründerane.

Storinvestering

I slutten av mai vart det klart at Stette Invest, tidlegare medeigar i Optimar, gjekk inn med 3,5 millionar kroner i selskapet ved å kjøpe 10 prosent av aksjane. Stette er også ein av investorane i det mykje omtala Pir-nettverket i Ålesund. Ein anna medeigar frå oppstarten er mellom andre ålesundsfirmaet IntraHouse.

Satsar for fullt

– Det er godt å ha med strategiske partnarar som har erfaring med mange av dei same tinga som oss, fortel Sperre og Greiff.

Den ferske investeringa gjorde at Sperre kunne seie opp sin noverande jobb og satse for fullt på Biaton.

– Med midlar på plass vert det betre kapasitet, og vi ser gode teikn på alle frontar framover. No skal vi optimalisere brukaropplevinga og tilboda, fortel dei to.