To månader inn i sesongen er det gått over 247.600 turar:

Bjørn (49) har gått alle 167 Stikk ut-turane på Sunnmøre

Klokka 23.35 2. juli var Bjørn Helland framme på Tjønnebu i Norddal. Dermed har han gått 167 av 167 moglege Stikk ut-turar på Sunnmøre i år.
Nyheter

– Det har jo vore så fantastisk fint vêr å gå i fjellet på i år. Heilt fantastisk! seier den spreke sunnmøringen, som har base på Blindheim i Ålesund.