I ein tosiders artikkel i RB på laurdag, kan vi lese om planane til Jon Aasen og AP her i fylket, som ynskjer å «krype ned i bukselommene» til Torgeir Dahl sitt Høgre. At AP har prestert å gjere dette i Molde har vi registrert, og vi har fått med oss kven som er administrerande direktør og meir til i denne butikken. AP får knapt nok vere «assistent» i denne drifta, og kva AP i Molde har tenkt å drive valkamp på inn mot neste val, er for alle ei stor gåte.

At AP skulle finne på det same i fylket, må vere ei gåvepakke for vår del, men denne gåva ser vi nok sansynligvis ikkje.

Full panikk

Det ser ut til å vere full panikk i Torgeir Dahl-systemet, med bakgrunn i debatten ikring Møreaksen og Romsdalsaksen. Alle middel blir tydelegvis leita fram, og det er ikkje grenser for kva metodar som vert klekt ut for å stoppe debatten om kravet om å greie ut Romsdalsaksen og flytebruer over Romsdalsfjorden. At AP skulle gå i «giftarmål» med Torgeir Dahl og Høgre for å sørge for at resten av fylket skal betale for byutviklinga av Molde, vegsystema forbi Molde, og ikkje minst sørge for at Molde vert den nye regionshovudstaden på kostnad av Ålesund og Kristiansund er rimeleg utenkeleg.

Men, det er dette som er kongstanken til Torgeir Dahl, når han til dømes ringer rundt til framtredende personar i Frp, og lurer på kva Frank Sve held på med, med omsyn til kravet om å greie ut Romsdalsaksen og flytebruer over Romsdalsfjorden.

Berre vent og sjå

Men slapp av, folkens, eg let meg ikkje styre av Torgeir Dahl, så utgreiing av Romsdalsaksen og utgreiing av flytebruer over Romsdalsfjorden kjem, berre vent og sjå.

Arbeidarpartiet i Nordmøre og på Sunnmøre vil nok garantert ikkje «krype ned i bukselommene» til Torgeir Dahl og Høgre i Molde.

Høgre elles her i fylket tar nok tilbake «makta», når det etter kvart går opp for dei kva som er i ferd med å skje.

Sikkert mogleg at også Ålesundarane vaknar frå dvalen etter kvart, og faktisk ser at dei er på full fart til å bli utspelet av Torgeir Dahl og Molde i det meste. Firefelts motorveg inn, gjennom og forbi Molde, fører garantert til at dagen der Ålesund sjukehus skal renoverast, så hamnar alt i Molde.

Skvisa

At heile Kristiansund og Ålesund, Nordmøre og Sunnmøre skulle bli skvisa av AP ved at dei kryp i bukselommene til Torgeir Dahl sitt Høyre, er utenkeleg, men i så fall dette skulle skje, ein fantastisk gåvepakke for dei andre partia her i fylket.

Frp går alltid til val for å få igjennom mest mogleg av vår politikk til det beste for heile fylket. Vi er eit borgarleg parti som samarbeider med dei som ynskjer det beste for heile fylket.

Dette er noko som vi også håpar Høyre gjer her fylket, og at Høyre tar tilbake styringa over eige fylkeslag som vi meir enn gjerne samarbeider med, men ikkje dersom Høyre blir ein del av Arbeidarpartiet.