– Sjølv om agurken veks inne i drivhus, så er det ein lyskrevjande vekst å dyrke. Så når sola er framme kvar dag, har det effekt.

Det seier gartnar Per Magnus Berdal i Valldal.

Han kan til ein viss grad kompensere for manglande sol med kunstig lys. Men sol er likevel det beste.

– I fjor var det mykje gråvêr på våren og forsommaren. I år har det vel vore sol sidan 1. mai.

Så i år er vekstauken på ti prosent så langt i år. Allereie ved utgangen av juni hadde dei dyrka fram 100 tonn med agurk. Det har dei aldri opplevd før.

Og kor mykje er 100 tonn? Jau, cirka 300.000 agurkar.

– Eg håpar på 160–170 tonn i år – før sesongen er over i oktober. Det vil seie om lag 500.000 agurkar.

Mettar sunnmøringane

– Kven er det som et all denne agurken?

– Det er sunnmøringane. Vi leverer til grossisten H.I. Giørtz. Dei kjem hit tre gonger i veka for å hente agurk. Så køyrer dei han ut til NorgesGruppen sine butikkar. I tillegg har vi litt leveranse til Bama, agurk som går til storhushaldning.

Det tek cirka seks veker frå dei sår til dei kan hauste den første agurken. I år starta haustinga 20. februar.

– Og kva gjer de når siste agurk er hausta inn?

– Då tek vi ein ferie, og så førebur vi neste sesong. Alle plantene skal skiftast ut før såinga tek til i byrjinga av januar.

Hjelp frå Polen

Det er Per Magnus Berdal og kona Øyvor som driv gartneriet i Valldal. Med seg har dei to sesongarbeidarar frå Polen: brørne Marek og Grzegorz Gorecki, som kvart år kjem i februar og dreg heim att i november.

– Står agurk på menyen kvar dag heime hos familien Berdal?

– Ja, eg et agurk stort sett kvar dag. Vi har det på skiva, i salatar – og til dømes som laurdagsgodt saman med potetgull.

Dessutan inneheld agurk 96 prosent vatn, og kan nesten brukast som tørstedrikk.

Starta i 1934

Det var bestefaren Magnus som starta med dyrking av agurk og tomat i 1934. Så Per Magnus er tredje generasjon gartnar.

– Og i dag er det berre agurk som gjeld. Trass i store straumrekningar fortel gartnaren på Berdal at dei klarer seg godt.