Sommarferie for arbeidarane:

Ålesundstunnelane er opne for fri ferdsel

Frå laurdag tok tunnelarbeidarane ferie og Ålesundstunnelane vart opna for fri ferdsel i to veker framover.

Rehabilitering: Valderøytunnelen er ein av tunnelane som blir rehabilitert for tida, men no blir det snart sommarferie på dei som jobbar der.  Foto: Staale Wattø

Nyheter

Trafikkantane kan glede seg over at det no er fri ferdsel og verken ventetid, manuell dirigering eller kolonnekøyring.

Ellingsøy- og Valderøytunnelen opna laurdag klokka 06 og held ope til søndag 29. juli klokka 20.

Godøytunnelen er ope frå laurdag 06 til måndag 23. juli kl. 12.

Hurtigbåten tek også ferie dei to vekene tunnelane er opne for fri ferdsel.

Båten startar opp igjen måndag morgon 23. juli med første avgang frå Valkvæ kl. 05.35, ifølgje meldinga frå vegvesenet.

Vegvesenet varslar samtidig at tunnelen til Flatholmen i Ålesund blir stengt 23. juli til søndag 29. juli mellom klokka 20 og 06.