Dette kjem fram i ei pressemelding frå Samferdselsdepartementet.

– Mediebruken endrar seg raskt. Stadig fleire får sitt behov for nyheiter dekt ved å bruke digitale plattformer. Likevel er laurdagsavisa framleis viktig for mange menneske. Vi sørgjer for at folk i heile Noreg, også dei som bur i dei mest spreiddbygde områda i landet, kan få avisa si på laurdagar, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Fekk inn to tilbod

Samferdselsdepartementet inviterte i februar til anbodskonkurranse om ny kontrakt om laurdagsomdeling av aviser i område utan avisbodnett. Det kom inn to tilbod.

Berre eitt tilbod oppfylte alle kvalifikasjonskrava, og dette kom frå Kvikkas AS, som etter namnebyte i juni heiter Easy2You AS.

– Easy2You har vist gjennom 2017 og så langt i 2018 at selskapet kan levere i tråd med forventningane til departementet og avisbransjen. Avisbransjen meiner laurdagsavisa er spesielt viktig. Selskapet oppfyller dei krava staten, i samforståing med representantar for avisbransjen, har sett til leveringskvalitet. Vi føler oss trygge på at selskapet skal halde fram den gode kvaliteten vidare, seier Solvik-Olsen i pressemeldinga.

Kontrakten gjeld i ein periode på 14 månader frå 10. november 2018. Departementet skal ha opsjon på forlenging på ytterlegare 12 månader.

Posten slutta i 2016

Etter at Posten slutta å levere ut post på laurdagar i 2016, sikra staten at distribusjon av laurdagsaviser i abonnement i område utan eigne avisbodnett skulle halde fram.

Sommaren 2016 inngjekk departementet og Kvikkas AS kontrakt om distribusjon av laurdagsaviser fram til november 2018.

Dette har sikra at folk i distriktsområde utan eigne avisbodnett har fått papiravisa på laurdagar. Med den nye kontrakten er dette sikra ut 2019, heiter det i pressemeldinga frå departementet.

Stig Kleive leiar selskapet som fekk ein tøff start for avisklevering på laurdagar, men det har gått seg til og no har selskapet, med endra namn, fått fornya tillit. Arkiv Foto: Gry Støre