Ei kvinne i 50-åra omkom i ei trafikkulukke på riksveg 15 i Stryn tysdag kveld. Ulukka skjedde i Bleksvingen, ein nærast 180-grader sving vest for Stryn sentrum.

– Ingen ting tyder på stor fart eller feil ved motorsykkelen, seier politioverbetjent Lasse Trosdahl ved Stryn lensmannskontor.

Mannen køyrde bak

Politiet har gjort seg nokre tankar om kva som har skjedd, men kan ikkje seie noko sikkert.

– Det var ingen vitne til ulukka, bortsett frå mannen til kvinna som køyrde like bak og som ikkje fekk heilt med seg det som skjedde, fortel Trosdal.

Paret frå Harstad var på ferietur då ulukka hende.

Ifølgje Trosdahl har motorsykkelen såvidt begynt på den skarpe svingen, og så køyrt rett ut og i fjellskjeringa.

requireReady(['jquery', '//www.webatlas.no/mediakart/smp_v5/build/norkart_mediakart.min.js'], function($) { (function(a,b,c){var d=document.getElementById(a),e=9*d.clientWidth/16;d.style.height="50vh",createMap(a,b,c)})('map-dMPG9',{"bounds":[[62.014118236688695,6.2189483642578125],[61.80687922862542,7.0017242431640625]],"layers":[{"latLng":[61.89450475120314,6.607933044433594],"type":"marker","popupContent":"Bleksvingen på riksveg 15 i Stryn","hasImage":false}]},'Kart'); });

Kan ha blitt blenda av sola

Ifølgje Trosdahl har ein tenkt litt på stadlege forhold som lav sol som årsak til ulukka. Naudetatane fekk melding om ulukka i halv sju-tida kvelden. Kvinna, som kom køyrande frå Stryn og vestover, fekk då sola midt i mot.

Elles er det ikkje første gong det skjer alvorlege ulukker i denne svingen.

– Det er ikkje første ulukka her. For nokre månader sidan hadde vi ei nesten tilsvarande ulukke med motorsykkel her, og det er stadig utforkøyringar, spesielt om vinteren, seier Trosdahl.

Vil ha betre skilting

Han vil no ta ein telefon til Statens vegvesen for å få til ei synfaring med tanke på betre skilting.

– Vi ser at det kanskje hadde vore på sin plass med betre skilting. Kanskje for å gjere merksam på at dette er eit utsett område, seier Trosdahl og legg til at det er Statens vegvesen som har kunnskap om kva som kan vere hensiktsmessig.

Ifølgje databasen til Statens vegvesen er det registrert fire ulukker i sjølve Bleksvingen; ei dødsulukke og tre ulukker med lettare skade. i tillegg er det registrert fleire ulukker i nærleiken av svingen.