– Leilegheitene blir ferdige i oktober. Men restauranten Raus opnar allereie i august, fortel styreleiar Knut Henning Aursnes i Brødrene Aursnes AS, som står bak Aureosen Brygge i Sykkylven.

Aktivitetsparken har fått namnet Randersparken, og har både klatrevegg og klatreløype.

– Vi trudde at kjøparane berre ville vere pensjonistar, men fire av leilegheitene er seld til par i 50-åra.

Aursnes seier at plasseringa, nær småbåthamna, og med utsikt over fjord og fjell, gjorde at dei ikkje hadde noko problem med å selje leilegheitene.

Neste prosjekt er eit bygg med seks leilegheiter i Sykkylven sentrum, og eit nybygg med åtte leilegheiter i Stranda.