Slik er reaksjonane på salget:

Ulstein-ordføraren er letta, glad og stolt over regjeringa

– No er eg forferdeleg glad, seier Ulstein-ordførar Knut Erik Engh (Frp) etter nyheita om at Kongsberg Gruppen kjøper Rolls-Royce Marine.

Glad: Ordførar Knut Erik Engh i Ulstein er glad for at verksemda som Rolls-Royce har hatt i Ulsteinvik får norsk eigarskap. Arkiv  Foto: Knut Arne Aarset

Nyheter

Han har hatt litt av ei veke, ordføraren i Ulstein, med to gode og viktige nyheiter for kommunen.

Det starta onsdag med nyheita om at Ulstein verft skal byggje eit rekordstort skip og treng 50 nye tilsette. Fredag kom nyheita om at Rolls-Royce Marine er seld til Kongsberg Gruppen.

– Dette er ei løysing vi har jobba for. Vi har spelt det inn mot regjeringsapparatet og fortalt kor viktig det er med norsk eigarskap i denne marknaden, der vi ønskjer å ta posisjonar på verdsbasis, seier Knut Erik Engh, som representerer regjeringspartiet Frp.

Sikker på satsing

Rolls-Royce Marine har vore til sals ei tid, og Engh har vore redd for at ein kunne miste produksjon og aktivitet i Norge og den maritime klynga ut av landet. Men no er han overtydd om at Kongsberg Gruppen vil satse.

– Dei kjem til å satse tungt på Sunnmøre. Dei er allereie etablert her frå før, nettopp fordi dei ønskjer å vere i den maritime klynga, seier Engh.

Regjeringa bruker 2,5 milliardar

Regjeringa vil bruke 2,5 milliardar kroner for å vere med og finansiere kjøpet.

– Dette er ei god investering. Eg er stolt over regjeringa som tek dette på alvor og skyt inn så mykje pengar, seier Frp-ordføraren.

– Kor viktig er verksemda til Rolls-Royce Marine for Ulstein kommune?

– Vi har tre store hjørnesteinsbedrifter. Det er Ulstein, Kleven og Rolls-Royce. Alle tre er kjempeviktige for oss. Om vi hadde mista den eine, ville det få store konsekvensar for dei andre, seier Engh.


Kongsberg Gruppen kjøper Rolls-Royce Marine

Det norske industrikonsernet er blitt enige med Rolls-Royce om å kjøpe marinedivisjonen fra det britiske konsernet for 500 millioner britiske pund.


Også Haram-ordføraren meiner dette er godt nytt.

– Dette var uventa godt nytt, seier Haram-ordførar Vebjørn Krogsæter, som meiner at dette truleg var den beste løysinga.

– Dette er ein aktør som har høg kompetanse. At det i tillegg både er ein norsk eigar og eit samla sal set eg som svært positivt, seier han.

Kleven gir gode skussmål

Kjersti Kleven har stor tru på Kongsberg Gruppen som eigar.

– Eg kjenner Kongsberg som ein aktør, både som leverandør og i diverse andre roller. Dei er alltid aktive, og prøver å påverke heile det maritime miljøet på ein positiv måte.

Kjersti Kleven.  Foto: Andre Pedersen

 

Ho gleder seg over norsk eigarskap, og har trua på kombinasjonen Rolls-Royce Marine/Kongsberg Gruppen.

– Dette er bra for selskapa sjølve og for regionen vår, seier ho.

Flaggar for nye eigarar

Ved Rolls-Royce Brattvåg flaggar dei for den nye eigaren.

– Dette vart tatt godt og positive imot av alle instansar. Vi hadde allmøte i dag tidleg, og deretter separat møte med fagforeiningane. Alle er gjennomgåande positiv, seier Charles Kvalvik.

– Vi er ei bedrift som er endringsvillig, og vi ser fram til dei endringane som måtte kome, seier Kvalvik.

Glad for at det blei ein norsk eigar

Plassjef Tommas Brugrand på Longva synast det at det blei ein norsk eigar og at staten er med på laget var ei god løysing.

– Det er veldig greitt å gå ut i ferie og vite svaret, seier han.

Plassjef Tommas Brugrand på Longva meinar det var eit positivt besøk frå Kongsberg Gruppen.  Foto: Arkivfoto: Gry Støre

 

Og ein norsk eigar med staten på laget er ei god løysing, meiner han. For nokre veker sidan var Kongsberg på besøk på Longva.

– Eg vart imponert over den framtidsretta tankegangen dei har. Slik eg tolkar det, satsar dei på autonome skip. Og omsetninga her på Longva er i hovedsak automasjonsprodukt. Denne porteføljen var dei veldig positiv til då dei var hos oss, seier plassjefen.

– Kongsberg Gruppen har heller ikkje produksjon av propellar frå før. Og vi lagar styringa til propellanlegga. Det var eit veldig positivt besøk, seier Brugrand.

Betydningsfullt for den maritime klynga

Reder Stig Remøy er veldig positiv til at Kongsberg Gruppa har kjøpt opp Rolls-Royce.

– Dette er betydningsfullt for den maritime klynga på Sunnmøre. Kongsberg Gruppen er det beste alternativet som kunne skje Rolls-Royce. Dette betyr mykje for utviklinga vidare, fortel han.

Stig Remøy, styreleiar i Olympic Subsea ASA.  Foto: Arkivfoto: Johan Behrentz

 

Remøy er styreleiar i Olympic Subsea ASA. Han er glad for at det er ein norsk eigar.

– Det vil vere ei utvikling av norske modeller som har vore suksessfulle oppskrifter tidlegare. Eg trur Kongsberg Gruppen vil effektivisere og møte framtida på ein god måte. Dei kjem til å utnytte den kompetansen som ligg der ute. Dei har kjøpt ei bedrift som har møtt mykje motgang, men oppkjøpet viser at dei har trua på framtida, seier han.

– Naturleg akse med NTNU-miljøa

Rolf Fiskerstrand, konsernsjef for Fiskerstrand Verft, seier at oppkjøpet tydar mykje for det maritime miljøet her i Møre og Romsdal.

– Vi må verne om alt vi har. All honnør til regjeringa. Eg er kjempeglad, fortel han.

Rolf Fiskerstrand, konsernsjef for Fiskerstrand Verft.  Foto: Staale Wattø

 

– Og det er jo ikkje naturleg å flytte maritim industri frå kysten og til Kongsberg, så dette sikrar at vi får behalde hovudbedriftene i Møre og Romsdal.

Fiskerstrand framhevar potensialet i at NTNU har utvida med miljø i Ålesund og Gjøvik.

– NTNU i Ålesund kan stå for det maritime, medan NTNU Gjøvik kan samarbeide med Kongsbergmiljøet, vi får ein naturleg akse, trur han.

– Statleg eigarskap vi ønskjer meir av

Else-May Botten (Ap) i energi- og miljøkomiteen på Stortinget ser på nyhenda som eit døme på godt statleg eigarskap.

– Vi ser det på andre teknologiselskap, som Telenor, at dette har vore særs bra. At staten eig saman med private aktørar gir robustheit, seier ho.

Ho fortel at ymse aktørar, mellom anna obligasjonsfond, har vore og snust på utsett maritimt næringsliv på Nordvestlandet.

– I staden for obligasjonsfond, bør vi heller ha ansikt bak selskap som er reelle forhandlingspartnarar og står for meir langsiktig eigarskap.

Det meiner Botten Rolls-Royce får no.

– Kongsberggruppa er teknologibedrift nummer 1. Lykkes ein no kan det bli nye arbeidsplasser. Og 43 prosent, om eg eg hugsar rett, av dei noverande arbeidsplassane i Rolls-Royce, er i nedslagsfeltet vårt.

Else-May Botten i energi- og miljøkomiteen på Stortinget.  Foto: Arkivfoto: Kristin Svorte

 

Botten presiserer at det statlege majoritetseigarskapet, som skal sikrast med å skyte 2,5 milliardar kroner, ikkje er endeleg vedtatt.

– Det kjem opp som sak på Stortinget til hausten, og det som føreligg frå næringsministeren no, ser bra ut, seier ho. 

– Ein «gledens dag»

– Vi treng lokomotiv på Sunnmøre, vi har mista Farstad og Rolls Royce har blitt svekka. Det slår Arnfinn Ingjerd, dagleg leiar i Maritimt Forum Nordvest fast.

Arnfinn Ingjerd meiner Kongsberg Gruppen og Rolls-Royce Marine er ein god match.  Foto: Arkivfoto: Roger Engvik

 

Han kallar oppkjøpet ein «gledens dag», for dei tilsette, for teknologimiljø, og elles alle i den maritime klynga.

– Kongsberg er ein veldig god match, fordi dei og Rolls Royce utfyllar kvarandre med sine teknologiske løysingar. Vi får noe eit kratfullt lokomotiv som vil dra med seg dei andre aktørane og skape vekst, seier Ingjerd.

LO med støtte til oppkjøpet

LO-leiar Hans-Christian Gabrielsen er glad etter at hygeita om oppkjøpet kom. Det skriv LO i ei pressemelding til Sunnmørsposten.

– Dette støttar vi. Det er strategisk viktig for Norge å ha eigarskap til den verdsleiande maritime kompetansen, så dette er veldig positivt, seier han i meldinga.

Glad ikkje finnane kjøpte Rolls-Royce

Steinar Reiten (Krf) er einaste representant i næringskomiteen på Stortinget for Møre og Romsdal.

Han fortel at komiteen var på synfaring i Finland tidlegare i år, og at turen gjorde han uroleg

– Finland er verdsleiande på autonom skipsteknologi, og utviklar sjølvgåande hamner, med automatisk trafikk over verdshava, samt lasting og lossing, fortel han.

Steinar Reiten (Krf).  Foto: Arkivfoto: Staale Wattø

 

– Finnane er inne og ser på Møre og Romsdal. Kva om dei hadde kjøpt opp bedrifter med tanke på å samle mest mogeleg av teknologimiljøet i Finland, spør han.

Reiten meiner det er fantastiske nyheiter at verksemd  framleis blir i norske hender.

Han kallar Kongsberg Gruppen det leiande miljøet for autonom skipsteknologi.

Rosar regjeringa

Reiten er også nøgd med regjeringa si rolle i kjøpet

Han er også godt fornøyd med regjeringa sin rolle i kjøpet.

– Eg vil gi dei skryt for å være aktivt på banen.

 Staten kjøper seg opp med 2,5 milliarder kroner i den samla aksjeporteføljen.

– Det er breid einigheit på Stortinget om at vi må sikre det kompetansemiljøet som Kongsberg Gruppen representerar, og sørgje for at det held fram å vere norskeigd.

– Ein av de få som kunne gjere dette

Havila-reiar Per Sævik er glad for at det framleis blir reell konkurranse mellom leverandørene. Han var også urolig for finsk monopolisering.

– For oss som brukarar av det utstyret som Rolls-Royce produserer, er det ein stor fordel at det framleis er konkurranse i marknaden, seier han.

– Kongsberg Gruppen er ein av få som kunne gjere dette. Det inneberer at nøkkelindustri framleis blir på norske hender, noko vi er nøgde med..

Venta i spenning

Også Torill Ytreberg, regionsdirektør i NHO, har utelukkande positive ting å seie om oppkjøpet.

– Det at Kongsberg Gruppen no kjøpar Rolls-Royce trur vi er positivt. Det er ein norsk og seriøs eigar som tenker langsiktig og som er interessert i å bygge verksemda si her i Norge, seier ho.

– At det er norsk eigar vil bety mykje for Møre og Romsdal. Med ein slik eigar vil det byggast kompetanse og ein utviklar bedrifta vidare. Det er også positivt at staten går inn.  Det visar kor mykje Rolls-Royce betyr i norsk samanheng.

 

Ytreberg innrømmer at det har vore mykje spenning knytt til kven dei nye eigarane ville bli.

– Vi har gått og vore spent veldige lenge på kven som blir dei nye eigarane. Eg vart positivt overraska i dag tidleg då eg såg nyhenda.  Dette er positivt for dei tilsette i bedrifta og ei god løysing totalt sett.

– Endeleg

Ola Honningdal Grytten er professor ved institutt for samfunnsøkonomi ved NHH. Då han såg nyheita om at Kongsberg Gruppen har kjøpt opp Rolls-Royce tenkte han «endelig!».

Ålesundar, økonomiprofessor og historikar Ola Honningdal Grytten. FOTO: STAALE WATTØ 

– Dette vil berge arbeidsplassar, og det vil føre til ny optimisme. Dette er ei gledeleg nyheit for det maritime miljøet, og det har det ikkje vore så mykje av den siste tida. Eg ser på oppkjøpet som overveiande positivt. Det er bra med tilgang til ny kapital for ei bedrift som har slitt. Dette berger Rolls-Royce på Nordvestlandet, med nye eigarar som har interesse i regionen og Norge, seier Grytten.

Han fortel at oppkjøpet på sikt kan føre til økonomisk vekst, og han trur Kongsberg Gruppen kjem til å satse stort.

– Det var jo snakk om å skjere inn til beina eller nedlegging, så dette er ei redningsflåte for bedrifta. Eg trur mange no kan gå i sommarferie med eit lettare sinns, seier han.