Store skilt med Rolls-Royce heng framleis på industrihallane i Ulsteinvik fredag, men snart blir skilta bytta ut med logoen til Kongsberg Gruppen.

– Dette er ein ny og etterlengta eigar. Først og fremst er det viktig at det er ein norsk eigar, meiner Petter Hovdenakk, ein av veteranane vi møter på omvising i bedrifta.

Femte eigaren

Som 18-åring begynte Petter Hovdenakk på Liaaen i Volda – i bygget som no blir kalla propellhallen. Naboguten Jan Kjetil Hovdenakk var 17 år og begynte same dag. Begge jobbar i bedrifta enno, men blei etter kvart flytta til Ulsteinvik.

Dei opplevde først at bedrifta dei jobba for blei seld til Ulstein-konsernet, deretter til industrikonsernet Vickers og så til Rolls-Royce Marine. Og no blir dei altså ein del av Kongsberg Gruppen.

Tunnelutruster: Ingvar Aambø frå Ørsta er teamleiar på tunneltrusterlinja. Han er glad for at bedrifta han jobbar for no kjem over på norske hender. Foto: Anne-Mari Tomasgard

– Dette er femte eigaren. Vi kjenner jo til Kongsberg, og kjøpet er positivt, utan tvil, meiner Jan Kjetil Hovdenakk.

– Men vi er no litt spente også, legg kollega Petter til.

Heisa flagget

Ferje: Dette er framdriftspropell til ei til hybridferje for Havyard. fortel produksjonssjef Aage Falch Gundersen. Blada er kjøpt frå Spania, men resten er laga i Ulsteinvik. Foto: Anne-Mari Tomasgard

Flagget var heisa til topps utanfor bedrifta fredag. I kantina var borda pynta med blomster og flagg. Og det var berre glede og positive ord å høyre i industrihallane i Ulsteinvik.

Her jobbar i underkant av 160 personar. I tillegg kjem ettermarknadsavdelinga, slik at dei totalt er om lag 350 tilsette i Ulsteinvik, får vi vite av produksjonssjef Aage Falck Gundersen. Han viser Sunnmørsposten rundt i den høgteknologiske produksjonen. Også han er positiv til oppkjøpet.

– No får vi ein eigar med staten inne på eigarsida. Det blir positivt for heile den maritime klynga, meiner han.

Egil Aarseth som vi møter på omvisinga, er ein anna som er glad for nyheita han fekk vite gjennom Sunnmørsposten si nettavis fredag morgon.

– Det var på tide at staten gjekk inn. Då det blei krise, så var det sagt at staten skulle hjelpe til i den maritime klynga, minnest Aarseth.

Positivt: Egil Aarseth (t.v.) og Aage Falch Gundersen fekk nyheita om oppkjøpet fredag morgon. Dei har begge tru på at ny eigar vil vere positivt for bedrifta. Foto: Anne-Mari Tomasgard

Siste tida har det vore mykje usikkerheit rundt salet av Rolls-Royce Marine. Gundersen er glad for at avklaringa kom før folk går ut i ferie.

For tida er det full aktivitet i bedrifta, med to skift frå halv sju om morgonen til elleve om kvelden. Her står ferdige propellar som skal til dei nye hurtigrutene som Kleven byggjer. Propellar til hybridferjer for Havyard står også klar for levering.

– Vi har bra med arbeid på nysal og mykje på ettermarknad, fortel Gundersen.

Og det er ingen tvil om at ny eigar gir ny optimisme:

– Det har peika ned nokre år, men no har eg tru på at det snur og går opp igjen, seier Petter Hovdenakk.

– Ja, det er litt meir tommelen opp no, seier Gundersen.