(Møre-Nytt:) Orda kjem frå Åse Rørstad Saure (60).

Det er dagen etter at meldinga frå statsråden kom: Området Bjørke og Viddal skal over til nye Volda. I hagen på Fram-Saure nedst i Skjåstaddalen sit ekteparet Per Arne Saure (63) og Åse Rørstad Saure. Dei likar ikkje meldinga frå regjeringa.

– No drikk vi gravøl, seier Åse då Møre-Nytt møter henne i tunet. Vi forstår at det er ein vits, likevel ligg der noko under.

– Ja, vi er skuffa over at vi vert ein del av nye Volda. Vi ser ikkje problemet med framleis å vere ein del av Ørsta. Vi har levd med dette i seksti år, og vi har klart oss fint, seier paret.

– Ser de ikkje noko argument som talar for grensejustering?

– Vi forstår sjølvsagt argumentet om å kome nærare tenestene, men vi trur ikkje at folk her inne får større påverknadskraft om lokalsamfunnet sjølv om vi vert del av nye Volda.

– Brukar de Volda eller Grodås når det skal på handel?

– Nei, då går turen anten til Stryn eller til Ørsta. Volda er ein plass vi køyrer forbi, der er for dårlege tilbod.

– Korleis er tonen mellom bygdefolk no?

Hjørundfjorden

Dei meiner det er uheldig at Hjørundfjorden no vert delt i ein situasjon der det vert satsa stort på turisme med Ørsta kommune i front.

– Volda har ikkje satsa på turisme i det heile, og så får dei halve Hjørundfjorden i hendene. Og korleis vert det med kulturtilskota? Ørsta kommune har vore flinke med å tildele tilskot, også til gode prosjekt på Bjørke. Vil nye Volda gjere det same, spør Per Arne Saure og Åse Rørstad Saure.

Eit lite plommesteinkast frå garden deira, ned attlegene til Ner-Saure, er tonen annleis etter at meldinga kom frå statsråden. Og Einar Saure (86) og barnebarnet Sigurd Bogen Saure (25) er godt nøgde med at Bjørke skal verte ein del av Volda og Hornindal. Men dei opnar verken sjampanjeflaskene eller heisar flagget etter avgjerda. Einar Saure seier at det er viktig no å ligge lågt i terrenget, og ikkje provosere og hovere over avgjerda.

Nøgde: Sigurd Bogen Saure og bestefaren Einar Saure er godt nøgde med departementet si avgjerd, men dei vil ikkje provosere motstandarane med å hovere over avgjerda. – Det er berre øydeleggjande, meiner dei. Foto: ROY-ARNE FOLKESTAD, MØRE-NYTT

– På den måten øydelegg ein berre bygda. Og det kan ein ikkje gjere, her har no vore kauler før i bygda. Når det er sagt er eg sjølvsagt letta over å få ei avgjerd. Men i denne saka finst det verken vinnarar eller taparar. Byrjar ein å prate slik, ja, då vert alle taparar, meiner Saure.

Fleirtal

Han konstaterer at røystinga om grensejustering gav eit knapt fleirtal som tala imot dette. Men Saure meiner resultatet ikkje gir eit korrekt bilete av bygdene sitt syn.

– Ein del av dei som røysta bur ikkje her i området. Hadde berre dei som bur her røysta, hadde resultatet sett annleis ut, og det hadde vorte eit godt fleirtal for grensejustering, hevdar Saure.

Han meiner det er heilt logisk at Bjørke vert del av nye Volda.

Saure meiner det ville ha vore meiningslaust dersom skuleborna på Bjørke skulle ha gått på skule på Sæbø.

– Sjølve skulekvardagen kunne nok ha gått greitt, men den geografiske situasjonen ville ha gjort at det ikkje vart noko samhald mellom skuleborna på Bjørke og på Sæbø etter skuletid. Det tek altså ein time og eit kvarter å køyre frå Bjørke til Sæbø. Til Grodås brukar ein ti minutt eller litt meir.

– Kva med oppdelinga av Hjørundfjorden?

– Det er ikkje noko spesielt i det heile, det er berre vrøvl å seie det, og her berre oppkonstruerer ein eit problem. Vi har ikkje noko tilknyting til Hjørundfjorden lenger. Dette handlar berre om romantikk, meiner Einar Saure som gjer det klart:

Prillar-Guri: Snart er det voldingane som skal eige denne legendariske telefonkiosken på Bjørke - eller vert det eit forhandlingskort? Foto: ROY-ARNE FOLKESTAD, MØRE-NYTT

Ikkje ørsting

– Eg har aldri følt meg som ørsting, eg er hjørundfjording, ja, det er det eg er, seier Saure som meiner samhaldet i bygdene rundt han er godt.

– Før det kom veg frå Skjåstaddalen til Viddal var bygdene splitta. Den gongen hadde vi kvar våre skulekrinsar. Etter at vegen kom vart samhaldet godt, og bondelaga vart slått saman. Og slik vert det også med nye Volda, spår Einar Saure.

Han håper no Ørsta kommune vil jobbe for å kome inn i nye Volda.

– Hadde det vore folkerøysting om dette i dag, hadde nær hundre prosent sagt ja, vurderer 86-åringen og legg til:

– Det er sjølvsagt slik det burde ha vore, at ein hoppa over grensejusteringa og i staden slo saman kommunane. Men eg forstår at ordførar Stein Aam vil kjempe for Ørsta, viss ikkje, hadde han vore ein dårleg ordførar.

Barnebarnet til Einar Saure, Sigurd Bogen Saure, har teke over garden på Ner-Saure. Heller ikkje han finn grunn til å heise flagg sjølv om han snart vert buande i ein del av nye Volda.

– Vedtaket er logisk, men det vert like hardt å vere utkant som før, og vi får ingen ting gratis. Men no går skattepengane våre til rett stad for å få utvikla tenestene vi brukar. Det er også eit pluss at heimesjukepleia for eldre vil verte sikra på ein betre måte i vårt område, med eit fullverdig tilbod. Dagens tilbod frå Ørsta kommune er ikkje tilfredsstillande, hevdar Sigurd Bogen Saure.

– Er bygda splitta no?

– Det er lov å vere totalt usamde i denne saka. Men det handlar om å skilje sak og person. Og det gjer vi: Vi går på fest saman, alle saman her i området. Og det er vel ein god indikator på stemninga, spør 25-åringen med eit smil.

LEIRA: Vesle Leira er ei ev bygdene som skal over i nye Volda. Foto: ROY-ARNE FOLKESTAD, MØRE-NYTT

Saka sto først i Møre-Nytt.