Kommunedelsutvala skal få oppgåver knytt til kultur, vere med å utvikle lokalsamfunnet, og støtte opp under frivilligheit. Det foreslår ein politisk komité, og det har blitt heldt folkemøte i alle dei aktuelle kommunane. Folk kunne her komme med innspel via ei digital teneste.

Ønskjer ikkje «spel for galleriet»

At kommunedelsutvala må ha reell innverknad, er eit gjennomgåande krav. «Det skal ikke være et ‘spill for galleriet’» var ein av kommentarane frå folkemøtet i Sandøy. På spørsmål om kva som skal til for at folk vil vere med i eit kommunedelutval svarte ein innbyggar i Ålesund i klartekst: «Visshet om at det blir noe mer enn et supperåd». «Ein må sjå at det ein er med på gir synlege resultat», kom det inn frå Ørskog.

På spørsmål om korleis innbyggarar, næringsliv, lag og foreiningar saman kan utvikle lokalsamfunnet, er dei i Haram opptatt av Haramsmodellen. Mellom anna var det ein som skreiv at «det offentlege kan gje økonomisk støtte til frivillige organisasjonar». I Ålesund vart Aksla Vel trekt fram som eit døme på korleis nettopp ei frivillige gruppe trår til og får ting gjort.

Komitéleiar: – Vil ha medverking

Kari Grindvik (V) leiar den nemnde politiske komiteen. Sunnmørsposten spør ho om korleis lokale utval som ikkje er politisk valte skal kunne ha ekte påverkingskraft.

– Sjølv om dei ikkje er valt direkte blir dei jo politisk utnemnt. Og dei blir store nok til å ha gjennomslagskraft, svarar ho.

Grindvik er fullstendig klar over innspela frå folkemøta.

– Når vi først avgjer at vi skal ha utvala, då botnar det jo i at vi oppriktig ønskjer lokal medverking. Vi både vil og må lytte til innbyggarane.

Komitéleiaren forklarar kva for spelerom kommunedelsutfår: Dei kan kome med forslag til kommunestyret, få økonomisk støtte til å utføre lokale tiltak, og tidleg kome med innspel til reguleringsplanar.

– Utvala skal vere breitt samansett, med plass til lokale eldsjeler.

Ingenting er endeleg bestemt og forslaget er ute på høyring.

Eldsjelene kan få nøkkelroller

Det blir foreslått eit utval i kvar av dagens ungdomsskulekrinsar. Desse er Ørskog, Skodje, Vatne/Tennfjord, Brattvåg (med Søviknes), Nordøyane, Sandøy, Skarbøvik (med Hessa) Ellingsøy, Spjelkavik, Kolvikbakken (Aspøy og Nørvøy inn til Åsestranda) og Blindheim.

Komiteen ser for seg at kvart utval får fem representantar føreslått av lag eller organisasjonar, og seks foreslått av dei politiske partia i samsvar med valresultatet.

Utvala skal få ein pott pengar, men det er førebels ikkje tatt stilling til kor mykje.

Kari Grindvik (V) sit i formannskapet i Skodje kommune. No leiar ho komitéen som utformar dei nye kommunedelsutvala. Foto: Venstre