– Det blir eit vell av smakar og eit vell av musikk. Minst ti rettar av lokale råvarer skal serverast i løpet av kvelden, så her byr vi på ei mat- og musikkoppleving utan om det vanlege.

Nils-Henning Nesje gløder allereie av iver, og kan knapt vente til laurdag 29. september med å lage i stand måltidet det aldri er servert maken til verken i Friheim eller nokon annan stad. Då inviterer kokken saman med musikar Håvard Sveås til «Sounds delicious» som dei meiner blir «Norges råaste mat og musikkoppleving». Då riggar dei til 140 sitjeplassar i amfiet, og byr på eit måltid som kjem til å vare i fire-fem timar.

– Gjestene blir plassert slik at alle ser kva som skjer på scena, for det blir ikkje eting heile tida. Under måltidet legg vi inn pausar til ulike underhaldningsinnslag, for å informere litt om kvar rett og vise videosnuttar som fortel litt om ulike matprodusentar. På storskjerm får publikum sjå korleis eg og mine medhjelparar jobbar på kjøkenet i etasjen under, fortel Nesje som har sikra seg ein nestor innan kokkefaget, Gunnar Nagell-Dahl, som gjestekokk.

– Ingen av oss har gjort dette før, men begge likar å gjere nye ting. Denne gongen har Nils-Henning og eg utfordra kvarandre til å finne linkar mellom musikken og dei ulike rettane, seier Håvard Sveås. Han får med seg musikarkollegaene Knut Andreas Antonsen (gitar), Geir Kristian Breivik (bass) og Bernt Roar Baade (trommer).

– Alle er proffe og allsidige musikarar som taklar alle slags krumspring som kan oppstå under måltidet. Både musikalsk og matmessig ligg det an til ei viss grad av improvisasjon, seier Sveås som sjølv skal synge og spele tangentinstrument. Han lover at folk får høyre både pop, rock, viser, jazz og klassisk musikk til maten.

– Og så blir det show og humoristiske innslag, skyt kokken inn og understrekar at sjølv om menyen er seriøs og råstoffa er av ypparste kvalitet, så legg dei opp til ei lødig ramme rundt mat og musikk-kvelden.

Sankar råvarer

Ikkje minst legg Nils-Henning Nesje vekt på å servere rettane på fantasifulle måtar:

– Vi skal mellom anna servere hjortetartar i leirdue og saus i tomme haglpatroner til lydkulisser av jaktprat, hagleskot og opptak av naturlydar rundt Vassetvatnet, fortel Nesje og Sveås som og lovar September When-låten «Bullet me» til leirdueretten. Gjestane får og servert carpaccio av klippfisk frå Fiskarstand, kjøt av svin som er fora opp av «Jakten på kjærlighet-bonden» Ola Sylte i Surnadal og ein Nesje-variant av Chili con carne laga av kjøt av villsauer som beitar i utmarka mot Eltrane.

– Musikken til denne retten blir sjølvsagt The Real Groups «Chili con carne», småler Håvard Sveås som og lovar «Toccata i D-moll» av Johann Sebastian Bach og Abba-låten «Thank you for the music» i løpet av matkvelden som og byr på lokalt brygga øl av heimebryggar Kristina Bakke med fleire, lokale og regionale ostar som har vunne både VM og World Cheese Award.

– Til dessert får publikum noko heilt spesielt,– nemleg is laga av fløyten frå den opphavlege kurasen som i tidlegare tider vart brukt på Sunnmøre og som no er mjølkeproduksjon i Velledalen. Kva for smakstilsetting isen får er ikkje bestemt enno, men det blir noko veldig lokalt, lovar Nesje som fortel at gjestene ikkje får delt ut menyen før dei går heim, gode og mette utpå natta.

–Eg veit ikkje i detalj kva eg servert før under sjølve måltidet. Litt improvisasjon blir det, seier kokken som lovar eit retteleg «gane-spa».

Tilbehøyr: Tomme haglhylser, leirduer, roseblad, raudkløver og rognebærgele skal brukast i Nils-Henning Nesje sine rettar. Foto: Solfrid Vartdal