– Det blir jobba med fleire fiskerisaker som skal retteførast i 2018 og som har potensial i seg til betydelege inndragingsbeløp, sa politiinspektør Elin A. Drønnen i ein kommentar til kriminalitetsbiletet i politidistriktet 2017.

Sakene vart oversendt statsadvokaten rundt påske.

– Alle sakene er lagt bort, seier politiadvokat Arnt Erik Oust til Sunnmørsposten.

Økokrim

Også Økokrim har peika på fiskeri- og oppdrettsnæringa. I trusselvurderinga for 2018 skriv dei at aktørane i næringa blir større og kontrollerer stadig fleire ledd i verdikjeda. Fleire av aktørane er organisert som konsern med selskap både i Norge og i utlandet. Det er sannsynleg at betydelege mengder fisk blir fiska og oppdretta ulovleg i Norge, og omsett svart, skriv Økokrim.

Den einaste dokumentasjon dei oppgir på at fiskefusk faktisk skjer, er ei undersøking blant 275 kystfiskarar i 2013.

Fiskarlaget: – Stemplar næringa

Fiskeribladet Fiskaren har henta inn kommentarar frå fleire i næringa. Det er mindre kriminalitet i fiskerinæringa enn før, svarer Norges Fiskarlag sin leiar, Kjell Ingebrigtsen.

– Vi kan ikkje akseptere at nokon stemplar næringa som meir kriminell, når tala viser ei motsett utvikling, seier Ingebrigtsen til Fiskeribladet.

Fiskebåt: – Forsvinnande få

Fiskebåt har gått eit skritt vidare. Dei ber om eit møte med Økokrim og andre kontrollmyndigheiter. Til Sunnmørsposten seier adm.dir. Audun Maråk dette:

– No svarer eg for den havgåande flåten, som står for 70 prosent verdien i fiskeria. Det bildet som burde vore teikna av næringa er at dette er ei næring med forsvinnande få tilfelle av regelbrot samanlikna med den viktige næringa som vi er. Per Ove Stige