På veg heim til Dalsfjorden køyrde landbruksministeren gjennom ein brunsvidd Gudbrandsdal. Heile Sør-Norge har tørke og dårlege avlingar, ja faktisk Nord-Europa nord for München. Her i Møre og Romsdal er avlingane rundt 70 prosent av normalen, anslår Bondelaget.

– Kva er verst, tørke i korn- distrika eller tørke her som vi haustar gras?

– Korn får vi tak i. Grovfôr- situasjonen for husdyr er i ferd med å verte ekstremt krevjande, seier Jon Georg Dale (Frp).

Dei som må slakte buskap kjem til å merke konsekvensane i fleire år framover.

– Kva råd har du til dei som vurderer slakting?

– Først må vi få oversikt , og det har vi etter andreslåtten i midten av august. Då veit vi også kor mange som ballar kornavlinga til grovfôr – vi har bestemt at dei ikkje skal tape tilskot på det.

For å få større handlingsrom, har departementet også gjort to andre vedtak. Tollen på import av gras fjerna. Import frå Balkan og frå Estland, Latvia og Litauen kan visst vere aktuelt.

– I tillegg jobbar fleire aktørar på spreng med tanke på kraftfôrblandingar med høgare fiberinnhald, slik at vi kan auke kraftfôrandelen til dyra.

Eit år sidan blaute markar

Det er berre eitt år sidan det var blaute markar mange stader. Mange her på Vestlandet fekk derfor ikkje hausta avlinga si.

Forskarar fortel at vêrsystema har blitt meir langvarige: Når det er varmt og tørt, varer det lenger – og når det regnar, som i fjor her på Vestlandet, varer det lenger enn før. Om dette er tilfeldig, eller om det har samanheng med oppvarminga av Arktis, det blir framleis diskutert. Korleis vil ministeren møte dette?

– God drenering er noko av det viktigaste vi kan gjere for å førebu oss på andre tider.

Han viser til jordbruksavtalen, der det er ei tilskots- ordning for drenering.

– Kva med ei tilskotsordning for vatningsanlegg?

– Det har vi ikkje vurdert. Det er lov for bønder som sjølvstendig næringsdrivande å gjere smarte ting utan å få tilskot for det. Når du veit at du aukar avlinga med 30 prosent med godt drenert jord, så må du grøfte. Landbrukspolitikken må ikkje blir slik at bøndene får tilskot for alt.

Det gror igjen på Vestlandet

– Fem år utan beiting, så gror det igjen, seier Dale. Han peikar opp den bratte fjellsida der sauer har halde landskapet ope i generasjonar.

På nabogarden er det eit felt med tett krattskog.

Vestlandet har mange små teigar, og mykje bratt areal. Rundt halvparten av produksjonen kjem frå små og mellomstore bruk, anslår Bondelaget. Ministeren vedgår at dette er ei utfordring. Mange av areala som har gått ut av drift har vore her. Møre og Romsdal har mista 12 prosent areal i jordbruket sidan år 2000.

Samtidig er det overproduksjon i Norge av sau, storfe og gris. Er Dale verkeleg interessert i at vestlandsbønder held markane opne og ved like?

Svaret han gir er tredelt:

– Ein god del av husdyrproduksjonen har tidlegare blitt flytta frå Vestlandet til det sentrale Austlandet. Det eg gjorde etter at eg tok over landbruksdepartementet, er at eg har forsterka ei tydeleg arbeids-deling, der Austlandet har korndyrking og Vestlandet har dyr.

– I år vart Vestlandet også ei eiga sone for areraltilskot. Og det var mitt forslag. Formålet er å halde oppe talet på husdyr. Og som ein beredskap.

Dessutan vil han fjerne den såkalla avkortingsregelen. Det betyr at ein bonde kan ha 1.000 mål dyrka mark og 50 sauer – og få fullt arealtilskot. Med andre ord: Ikkje spesielt effektiv bruk av statens midlar dersom matproduksjon er einaste mål. Også dette er visst Dale sitt forslag. Og det er heilt andre tonar enn det som den førre landbruksministeren, Sylvi Listhaug frå same parti. kom med.

– Vi har redusert avkortinga, som eit incentiv for å halde areala oppe, og dette vart tvunge igjennom av meg. Dette er for meg god nok grunn til å sitje i regjering, det åleine. Og den avkortinga skal eg ha heilt vekk!

– Kor lang tid treng du på det?

– Tre år.

– Dette gjer at norske forbrukarar både får matproduksjon og pleie av kulturlandskapet, for å halde det grønt, for at distrikta skal vere ein attraktiv plass å bu, og for å legge til rette for turisme. At husdyra kan få gå ute på beite er eventyrleg viktig, understrekar han.

Politiske kompromiss

Politikken til mat- og landbruksdepartementet er dermed eit stykke unna partiprogrammet til Frp. Kva tenker Dale om det?

– Bestefaren min brukte å seie at den er sterkare, den kvisten som bognar enn den som brest. Eg veit kvar stortingsfleirtalet ligg, og min jobb er å drage det så langt som mogleg i Frp si retning. Eg må kompromisse med jordbruket og med Stortinget. Dei som ikkje er i stand til det, dei er ikkje i stand til å styre eit land.

Jon Georg Dale har blitt nemnt som ein mogleg nestleiar i Frp. Han er også omtalt som ein person som samlar partiet.

– Dersom tankane reiser av stad om eigne ambisjonar, så greier du ikkje å gjere ein god jobb der du er. Så lenge dagens partileiing vil sitje, så bør andre bruke veldig lite tid på det. Men dersom nokon kan bruke meg til eit kvart ... eg har brukt å seie at eg seier ikkje nei til jobbtilbod.

Ørsta og Volda

Jon Georg Dale er først og fremst dalsfjording. Dernest er han volding. Frå 2020 slår Volda seg saman med Hornindal, og får overført Bjørke og Viddal frå Ørsta.

– Bjørke og Viddal er veldig bra! seier Dale.

Kva med å slå Volda saman med Ørsta også?

– Eg har vore i kommunestyret i Volda sidan 2003. Eg har vore for samanslåing med Ørsta heile tida. Vi har felles bu- og arbeidsmarknadsregion. No valde Ørsta annleis. Så skal kommunestyret der få gjere opp dette utan mi innblanding, ut over å seie at eg har vore for ei samanslåing heile tida.

Landbruksministeren inviterte til sommarprat heime i Dalsfjorden. Tørken i landbruket vart eit sjølsagt tema. Foto: Marius Simensen