I fjor var det altfor vått på Nordvestlandet - i år er det tørke for bøndene:

– Ekstremt krevjande, seier ministeren om fôr-mangel

Det er tørke, eitt år sidan blaute markar ga avlings-svikt på Vestlandet.

Heimekjær: Her i Dalsfjorden, tett ved fjorden, og med bratte fjell rett opp – her vil Jon Georg Dale gjerne bu ein gong. Men ikkje enno. Jobben som mat- og landbruksminister ser han ut til å like svært så godt.  Foto: Marius Simensen

Fem år utan beiting, så gror det igjen

Jon Georg Dale
Nyheter

På veg heim til Dalsfjorden køyrde landbruksministeren gjennom ein brunsvidd Gudbrandsdal. Heile Sør-Norge har tørke og dårlege avlingar, ja faktisk Nord-Europa nord for München. Her i Møre og Romsdal er avlingane rundt 70 prosent av normalen, anslår Bondelaget.