Frakta til Volda sjukehus:

Køyrde inn i tunnelveggen

Eiksundtunnelen er stengt på grunn av eit trafikkuhell, melder Vegtrafikksentralen.
Nyheter

Politiet opplyser ved 23-tida at ein bil skal vere involvert.

Personen som var i bilen skal ha kome seg ut, og vedkommande får hjelp av folk på staden, opplyser operasjonssentralen.

– Personen er frakta til Volda sjukehus. Skadeomfanget er ikkje kjend, men personen var medviten, seier operasjonsleiar Kenneth Sætre til Sunnmørsposten.

Det skal vere store materielle skader både på bil og tunnel som følgje av at bilen har køyrd inn i tunnelveggen. Personen klaga på smerter i hovudet.

– Tunnelen vil nok vere stengt ei stund til rydding er gjort, seier Sætre til Sunnmørsposten.

Politiet vil etterforske saka, og må kome tilbake til årsaka til ulykka. Det er ikkje ei ulykke som blir vurdert som så alvorleg at Statens vegvesen si ulykkesgruppe blir kalla inn.