Då stod det røyk og flammar ut frå apparatet, og brannalarmen ula. Brannen vart raskt sløkt og ingen kom til skade, men reiarlaget bestemte seg for å innføre nye reglar etterpå.

Frå no er det ikkje lov å lade elektriske apparat medan mannskapet søv, eller dei på anna vis er utan tilsyn, ifølgje rapporten til Sjøfartsdirektoratet. Olympic-direktør Stig Remøy seier til Vestlandsnytt, som først omtala saka, at det var ein batteriladar som tok fyr og at denne er sendt inn til sjekk hos produsenten. Fordi utstyret som tok fyr, ikkje høyrde til skipet, vil ikkje Sjøfartsdirektoratet sjå nærare på saka.