Katrin Ericsson er i gang med å pumpe luft i hjula på splitter nye syklar som ho skal leige ut til turistar i sommar. Sykkelutleige er nytt av året, og ein del av satsinga som skal gjere Strandafjellet om til eit attraktivt reisemål – også utan snø.

– Vi skal lage ein sykkelsti ned frå Roalden, slik at folk kan ta med seg tohjulingen opp med gondolbana og sykle ned. Det trur vi kan bli litt av ein attraksjon, men det er sjølvsagt mange andre stader å sykle om ein ikkje har sansen for det ekstreme.

– Det er så flott med kreative folk som Katrin som vil satse på noko nytt, seier Line Løseth som steller med sal og marknadsføring i Strandafjellet Resort.

Den 16. juni var det offisiell opning for årets sommarsesong på Strandafjellet.

Gondol og cruise

Tre dagar før tjuvstarta ein busslast med franske cruiseturistar sesongen med ein luftig gondoltur og vaflar og bringebærsylte på 1062 meter over havet.

Og det er nettopp cruiseturistane og gondolbana som er dei viktigaste ingrediensane i sommarsatsinga.

– Vi starta i 2012 med å ha sommaropent. Først i fjor begynte det å ta skikkeleg av, og både årets sesong og neste sommar ser ut til å bli veldig bra. Heilt kanon faktisk, slår Line fast.

gondoltur: På rekke og rad kjem et førtitals cruiseturistar ned frå gondolen og til restauranten som enten byr på ein stor buffé med lokal mat eller kaffe og vavlar.

Ho viser til ein auke på over 300 prosent i talet på cruiseturistar frå i fjor og til i år.

– Cruisepassasjerane bestiller tur med gondolbana på førehand, og vi har 17.000 bestillingar inne i år mot 5.500 i fjor.

Vaffel til fjells

til topps: Franske Daniel og belgiske Sophie er på cruise med «Astoria», og de er imponerte over den vakre utsikta frå Roalden.

– Vakkert, slår franske Daniel og belgiske Sophie fast.

Dei er på norgesferie med cruiseskipet «Astoria» som har ankra opp i Hellesylt. Rundt førti av passasjerane er med på turen til Strandafjellet.

Daniel og Sophie har teke med seg kaffikoppen ut og nyt utsikta til vakker sunnmørsnatur frå ein benk heilt ytst på platået ved restauranten.

Midt i matfatet

Kortreist: Anders Adolfsson byr på kortreist lokal mat på Fjord Panorama restaurant.

Det er også denne utsikta Anders Adolfsson har som bakgrunn når han introduserer den lokale og kortreiste maten han serverer på Fjord Panorama restaurant.

– Då får dei vite at dei oppheld seg midt i matfatet, og eg kan peike og vise kor det meste av maten som dei skal få servert kjem ifrå, seier svensken som er kjøkkensjef for alle spisestadane til Strandafjellet Resort.

Eit sommaropent skisenter treng også ein skikkeleg «makeover», fortel Line Løseth.

– Vi har sådd, planta og rydda vekk utstyr og maskiner som blir brukt om vinteren. Det blir benker og bord, og hos Katrin i sykkelbua skal gjestene også få høve til å kjøpe litt enkel mat og drikke.

Gondolbana skal gå kvar einaste dag fram til den 10. august. Deretter blir det opent i helgane med langopent den siste helga i juli og den første i august.

Løseth fortel at det blir investert store summar for at Strandafjellet skal trekke til seg sommargjester, men at eigarane har bestemt seg for at dei vil gå for denne satsinga.