17.000 cruiseturistar vil til topps på Roalden:

Sommarsatsing på fjellturisme

– Ute i Europa satsar fleire skisenter på sommarturisme. Vi kan ikkje vere noko dårlegare på Stranda.

Nytt tilbod: Denne sommaren kan folk få leige sykkel på Strandafjellet, fortel Katrin Ericsson (t.v.) og Line Løseth. For dei med hang til det ekstreme, blir det laga sykkelsti ned frå Roalden. 

Flott med kreative folk som vil satse på noko nytt

Line Løseth
Nyheter

Katrin Ericsson er i gang med å pumpe luft i hjula på splitter nye syklar som ho skal leige ut til turistar i sommar. Sykkelutleige er nytt av året, og ein del av satsinga som skal gjere Strandafjellet om til eit attraktivt reisemål – også utan snø.