– Førsteslåtten var ganske normal. Men no merkar vi det, seier gardbrukar Sofie Høybakk på Vigra. Kyrne beitar ute.

– Graset veks berre halvparten så fort som normalt. For at dei skal få nok fôr med høg kvalitet, gir vi dei også av årets førsteslått – det som skulle vore fôr til vinteren. Så dette vart ikkje som planlagd, seier ho.

Kyrne får det dei treng. Men jorda på Vigra har mykje sand og blir derfor fort tørr.

– Heldigvis kom det regn i helga slik at litt av kunstgjødsla løyste seg opp. Det kjem også dogg om natta, og kanskje litt tåke som skuggar for sola først på dagen.

– Men no har eg lyst på tre veker med regn. Ikkje berre om natta men døgnet rundt. Ja takk, gjerne, seier Høybakk.

Dei har att litt gras frå i fjor, men ikkje så mykje som planlagd etter at hjorten øydela fleire rundballar. Og dei har allereie lova bort fôr til naboen.

– Så vi er spent på andreslåtten, seier Høybakk.

– Graset veks nesten ikkje

Forholda på Sunnmøre varierer. Ein bonde på Godøya fortel om 20 prosent mindre avling på førsteslåtten. Ein bonde på Nerlandsøya seier han fekk 50 prosent mindre. Alle fortel at graset veks seint.

Det er kanskje enno verre inne i fjordane.

– Her oppe i høgda er det så vidt du ser at det har blitt grønt igjen, på fire-fem veker. Det blir veldig stussleg om det ikkje kjem regn, seier Karl Inge Lilleås i Norddal.

– Og førsteslåtten, korleis var den.

– Ein del mindre enn normalt. Eg veit om enkelte som har 50 prosent av det normale.

Meteorologen: – Tørt

Godt med regn i juli kan kanskje berge det.

– Dersom det kjem nok regn i juli, kan vi slå i slutten av juli. Då vil nok dei fleste bøndene prøve ein tredjeslått for å få ei avling til, seier Lilleås.

Men det er få regnskyer å sjå på meteorologen sitt kart:

– Det bøndene treng er eit lågtrykk. Det ser vi ikkje dei første ti dagane. Det kan kome lokale regnbyer. Men vi ventar ein ganske tørr vêrtype både denne og neste veke, seier Geir Ottar Fagerlid ved Vervarslinga på Vestlandet.

Mykje areal er ikkje i drift

I Haram og i fleire andre kommunar er det mykje jordbruksareal som ikkje blir slått. Dei som har driveplikt har kanskje pussa på arealet.

– Det veks alt mogleg ugras der det ikkje er slått på fleire år. Så det er jo ikkje så mykje næring i det. Men det er jo eit naudfôr som kan brukast i staden for å slakte ned, seier Rune Haram på Haramsøya.

Det tar fleire månader å førebu markane for slått, påpeikar ordførar Vebjørn Krogsæter.

– Men situasjonen no gir jo ei moglegheit for bønder i Haram til å ta initiativ overfor grunneigar, med tanke på å hauste slike areal for sal.

70 tusen dekar har gått ut av drift i fylket sidan år 2000. 80 prosent er berre tatt ut av drift utan at jorda er nedbygt, seier Oddvar Mikkelsen, leiar i bondelaget i fylket.

– Det som blir slått no er ikkje godt fôr. Men dersom ein så gjødslar, og det kjem regn, er det alltids ein marknad for det i år, til dømes til hestar og sauer, seier Mikkelsen.

Sunnmørsposten 11. juli. Foto: FAKSIMILE
Den sandhaldig jorda tørkar fort ut, fortel Høybakk. Foto: Per Ove Stige